Main menu:

Du er her: Heim > Kraftutbygging > Leirdølautbygginga (1974-78)

Leirdølautbygginga (1974-78)

Då Statskraftverka i 1966 byrja planlegginga av utbyggingane i Breheimen og Vest-Jotunheimen, låg Leirdølavassdraget innanfor utbyggingsområdet. Her var det likevel mest aktuelt med ei separat utbygging, og delplanen om dette kom i 1971, to år før den samla utbyggingsplanen.

Utbygginga av Leirdøla vart handsama av regjeringa og Stortinget, som gav konsesjon i 1974. Utbygginga kom i gang, og Leirdøla kraftverk med Tunsbergdalsmagasinet stod ferdig i 1978.

Seinare har det vore snakk om å overføre dei åtte «vestsideelvane» i Jostedalen til Tunsbergdalsmagasinet, men Statkraft skrinla utbygginga i 2012.

Les meir

| |

Skriv ein kommentar