Main menu:

Undersider for Kraftutbygging:

Du er her: KraftutbyggingVestsideutbygginga

Vestsideutbygginga

Sideelvane på vestsida av Jostedalen vart ikkje tekne med i Leirdølautbygginga 1974-78. Det galdt dei åtte elvane frå Hompedøla på Myklemyr til Tveradøla i Krundalen.

Fleire av desse elvane gjorde stor skade i 1979-flaumen, og det var eit krav frå mange i Jostedalen og frå Luster kommune at dei vart utbygde i samband med Jostedalsutbygginga. Statskraftverka laga ein konsesjonssøknad for utbygginga i 1986, men den vart aldri sendt på grunn av dårleg økonomi i prosjektet. Då Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta i 1991, vart grensene trekte slik at ei framtidig utbygging av elvane ville vere mogleg.

Statkraft presenterte nye planar for utbygginga i 2006, og konsesjonssøknad vart send i 2011. Planen gjekk ut på å overføre dei åtte sideelvane i ein «takrennetunnel» til Tunsbergdalsmagasinet for utnytting i det eksisterande Leirdøla kraftverk. Samstundes søkte Statkraft om å få heve dammen med 4 meter. Statkraft var alt pålagd ei omfattande utbetring av dammen. Utbygginga ville auke årsproduksjonen med 135 GWh.

Statkraft trekte konsesjonssøknaden i juli 2012 før NVE var ferdig med handsaminga. Den oppgjevne grunnen var dårleg økonomi i prosjektet.

Les meir

| |

Skriv ein kommentar