Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstDen vesle istidaHarde tider i Mjølver alt på 1600-talet

Harde tider i Mjølver alt på 1600-talet

(Artikkel i Jostedal skule- og bygdeavis 2013, s. 96-97, spalta «Siste nytt frå 1600-talet», digital versjon med peikarar.)

Av Oddmund L. Hoel

Mjølver var den garden i heile Jostedalen og ein av gardane i heile landet som fekk hardast medfart under «den vesle istida». I 1743 var Nigardsbreen komen så langt fram at han tok tunet i Nigard og gjorde stor skade på markene til Bjørkehaugen. Samstundes veit me frå bygdebøkene til Lars E. Øyane og Jon Laberg at Mjølver var største garden i heile dalen tidleg på 1600-talet.

Det ein då kan lure på, er om nedgangen i Mjølver kan sporast alt på 1600-talet, eller om nedgangen ikkje var tydeleg før dei fyrste tiåra på 1700-talet. Det kan seie oss noko om når breen byrja å gå fram og øydeleggje det gode beite- og stølsområdet i dalen innover mot Nigardsbreen. Dokumenta som nemner breen, er ikkje til så mykje hjelp. Det eldste me kjenner til, er utkastet til ny skattematrikkel i 1723, og då var breen alt komen så langt at markene til Nigard var mykje skadde.

Skal me finne ut noko om 1600-talet, må me altså gå til andre kjelder, og då er det berre skattelistene me har. Frå 1611 finst stort sett årvisse lister over leidangsskatten, og frå 1627/28 finst årlege lister over leiglendingsskatten. I 1647, 1666, 1723 og 1838 sette dessutan styresmaktene opp skattematriklar, det vil seie oversyn over kor mykje kvart gardsbruk skulle betale i skatt. Dei siste åra er alt dette lagt ut på nettet (Digitalarkivet). Det gjer det enkelt å samanlikne matrikkelgarden Mjølver med resten av Jostedalen over eit lengre tidsrom. Skattelistene fortel ikkje kor mykje som faktisk vart produsert på gardane, og skatteskylda kunne stå fast i mange år etter at produksjonen endra seg. Til dømes kunne talet på brukarar (gardsbruk) endre seg utan at skylda for garden vart endra. Skattelistene fangar heller ikkje opp den viktige matauken som låg i reinsjakta. Men det gjev over tid ein god peikepinn på korleis produksjonsevna til gardane utvikla seg.

Alt den fyrste skattelista me kjenner til (1596), fortel at det var to brukarar i «Mieluer». Dei etterfylgjande tiåra finn me jamt tre eller fire gardbrukarar i Mjølver. Det me kan kalle dei tre opphavlege bruka på garden, kan førast attende til denne tida – Nedre Mjølver (Nigard), Øvre Mjølver (i dag Mjølver) og Bjørkehaugen som kom litt etter dei to fyrste.

Fig 1 Mjølver skyld 1611-1838

Den fyrste figuren viser kor stor del av den samla skatteskylda i Jostedalen som kom frå Mjølver-bruka. I tida kring 1611/1620 ser me at heile 14–15 prosent av statsmakta sine skatteinntekter frå Jostedalen kom frå Mjølver. Så går det jamt nedover til berre 3 prosent i 1742. Det året vart Nigard stroken frå matrikkelen etter å ha vorte heilt øydelagd av breen, og Bjørkehaugen fekk skatten kraftig nedsett. Det interessante i vår samanheng er likevel at nedgangen kom jamt og trutt frå fyrste halvdel av 1600-talet, det var ikkje ein nedgang som kom brått då breen nærma seg gardstuna på 1700-talet.

Fig 2 Mjølver og heile JostedalenDen andre figuren viser det same på ein litt annan måte. Her er den faktiske skatteskylda på Mjølver-bruka samanlikna med heile Jostedalen, som er delt på 10 for å få søyler som er lette å samanlikne. Skylda er rekna om til laupar smør (1 laup = 16,2 liter). Skatteskylda vart justert ned på fleire bruk i Jostedalen i den nye matrikkelen frå 1647, men deretter var skylda temmeleg stabil for bygda samla i dei to neste matriklane (1666 og 1723). For Mjølver vart skylda derimot halvert og vel så det frå 1627/28 til 1666 og sett ytterlegare ned i matrikkelutkastet frå 1723. Og botnmålet var altså nådd med skattenedsetjinga i 1742 som vart ståande til den nye matrikkelen i 1838 kom. Då hadde breen trekt seg attende, og Nigard og Bjørkehaugen hadde kome til hektene att.

Biletet er altså ikkje til å ta feil av: Både i prosent av skylda for heile Jostedalen og i absolutte tal var det ein kraftig nedgang i skylda på Mjølver-bruka alt på 1600-talet. Nedgangen var så stor at han må ha kome av redusert produksjonsevne på bruka.

Kva kan me så vite om kvart av dei tre opphavlege bruka? Me veit jo frå 1740-åra at Nigard vart utradert og Bjørkehaugen vart kraftig skadd av breen medan Mjølver etter synsmennene si meining i august 1742 var å rekne som uskadd. Her er opplysningane noko uvisse fordi det er vanskeleg å vite kva bruk ein skal plassere dei ulike skatteopplysningane på tidleg på 1600-talet, og dessutan kan bruksdelinga han endra seg gjennom hundreåret. Men Øyane har tolka skattelistene slik at dei to største Mjølver-bruka i byrjinga faktisk var Bjørkehaugen og Nigard, og slik var det fram til 1650-åra. Deretter byrja skyldtala både for Bjørkehaugen og Nigard å gå ned fram til 1742 då Øvre Mjølver stod att som det klart største bruket, Nigard var borte og Bjørkehaugen kraftig redusert.

I dag er det slik at Øvre Mjølver og bruka som seinare er frådelt dette bruket (Pikhaug, Bukve, Kleivi) har vårstøl på Liastølen og fjellstøl i Øy. Nigard og Bjørkehaugen (med den frådelte Svåri) har derimot vårstøl på Krokaberget, attmed Breheimsenteret, og fjellstøl i Bjønnstegane. Me kan nok rekne det for temmeleg sikkert at Bjørkehaugen og Nigard tidlegare har hatt heile stølsområdet sitt i Bredalen, men måtte flytte til dei skrinnare stølane Krokaberget og Bjønnstegane når breen gjekk fram. Ei anna tilsvarande stølsflytting er dokumentert i Krundalen. Grov og Bergset måtte på grunn av framrykkinga til breane flytte frå stølane sine i Bergsetdalen til nye stølar i Geisdalen og Vanndalen i 1684 (og seinare til Sandhaugedalen i Fåberg). Stølsflyttinga til Nigard og Bjørkehaugen var nok òg temmeleg sikkert oppe på bygdetinget for Jostedal og Luster skipreider, men tidspunktet er ukjend fordi så mange tingbøker er borte.

Ei nærare gransking av skattelistene vil nok kunne seie endå meir om problema som breen skapte for kvart av bruka i Mjølver. Men me kan alt no slå fast at Mjølver samla opplevde ein tydeleg nedgang i produksjonsevna alt på 1600-talet. Den viktigaste forklaringa må ha vore at Nigardsbreen hadde byrja å gå fram og øydeleggje det frodige støls- og beiteområet i Bredalen i god tid før 1700-talet når kjeldene byrjar å omtale breen.

Kjelder

Digitalarkivet, skattelister og matriklar for Indre Sogn (sjå avskrifter og peikarar under denne delen av nettstaden).

Jostedal historielag si nettside, avtaksforretningane i august 1742.

Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), s. 5–85. [Digital utgåve]

Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 592–660. [Digital utgåve]

Øvregard, Kåre. (1999). Stølar og stølsliv i Luster kommune. Leikanger: Skald, s. 62–66.

 

| |

Skriv ein kommentar