Main menu:

Undersider for Målreising:

Du er her: MålreisingIvar Aasen i Jostedalen 1855

Ivar Aasen i Jostedalen 1855

(Artikkel i Jostedal skule- og bygdeavis 2013, s. 96-97, spalta «Siste nytt frå 1600-talet», digital versjon med peikarar.)

Oddmund L. Hoel

Den 5. august i år var det 200 år sidan Ivar Aasen (1813–1896) vart fødd, og difor er 2013 det store nasjonale Språkåret. I Jostedalen har det vorte feira både med prosjekt på skulen i vår og historielaget sin kåseri- og songkveld 19. september i skulehuset i Prestegarden.

Den lengste granskingsferda til Aasen var 1842–46 då han la grunnlaget for Den norske Folkesprogs Grammatik (1848) og Ordbog over det norske Folkesprog (1850). Desse verka dokumenterte at dei norske dialektane utgjorde eitt norsk språk med røter i gamalnorsk og la grunnen for det nynorske skriftmålet. I 1840-åra var Aasen mykje i Sogn, men ikkje Jostedalen. Seinare var han på årlege granskingsferder om somrane for å vitje stader han ikkje hadde vore, og i august 1855 skreiv han til venen Maurits Aarflot:

Det er to Afkroger, som jeg havde stor Lyst til at befare en Gang for Sprogets Skyld, nemlig Justedalen og Stryn. Kunde det nu falde beleiligt at komme over Justedals-Breden, saa fik man slaae disse to Fluer med «einn Smikk».

Dette høvde bra når han hadde tenkt seg å vitje fødestaden Ørsta på Sunnmøre. Nokre dagar seinare la han og ein annan kar i veg frå Kristiania opp gjennom Valdres til Lærdal og Røneid. Den 20. august gjekk dei til Sperla, og neste dag til Fåberg. Der vart dei liggjande verfast ein dag før dei gjekk med førar til Greidung 23. august. I dagboka si skreiv Aasen: «Stygt Veir, med Skodde og Sne. Snee paa Breden, dog siden lettere. Meget ulændt og stygt at gaae. Den hele Reise Anstrængende og vovelig.» Turen gjorde altså ikkje Aasen til nokon stor bre-entusiast.

Det språklege utbytet vart heller ikkje stort. Aasen noterte seg ein del ord i Jostedalen, og den vesle ordsamlinga finst framleis. Men i arbeidsmeldinga for 1855 skreiv han at av det han fann, «var kun saare lidet, som var egentlig nyt for mig, da det meste kun var en Bekræftelse paa noget, som jeg forhen havde hørt paa andre Steder». Han fann avvik frå sognamålet, men det var berre «Tilnærmelser til det Nordfjordske». Aasens vurdering av jostedalsmålet må sjåast i lys av arbeidsmetoden hans. Han var ute etter å dokumentere dei norske dialektane i samtida, og han leitte etter ord og språkdrag han ikkje hadde høyrt før for å utfylle dialektsamlingane sine. Han hadde vore mykje i Sogn og Fjordane, difor var det ikkje mykje ukjend språkstoff å finne. Og dessutan var altså veret dårleg. Ein dialektgranskar i dag vil vurdere det heilt annleis. Jostedalsmålet er interessant nettopp fordi det er ein blandingsdialekt mellom sognemål og nordfjordmål som truleg kan tidfestast temmeleg nøyaktig til andre halvdel av 1500-talet. Difor kan det seie oss mykje om dialektendringar, nett slik høyangermålet på 1900-talet kan.

Men siste Aasen-ord om Jostedalen var ikkje sagt med det. Den 4. oktober 1861 sette Aasen seg ned og skreiv eit langt stykke med tittelen «Justedals-Breden». Den levande skildringa hans av turen i 1855 skal få liggje, ho kan lesast på nettsida til Jostedal historielag. Me skal heller hefte oss ved korleis stykket vart til. I 1861 fanst det framleis ikkje så mange målfolk i landet, dei fleste heldt til i Kristiania eller Bergen. Men fleire meinte det var på tide å byrje eit meir organisert arbeid for landsmålet og målsaka, og den vesle flokken av Kristiania-målfolk hadde funne ut at dei ville gå saman i eit mållag – det fyrste i landet. Skipingsmøtet var 5. oktober 1861, og her las Aasen opp stykket om Jostedalsbreen som han hadde skrive dagen før. Møtet vart halde på hybelen til språkmannen Hans Ross der 33 målfolk hadde pressa seg inn. Me veit ikkje kven som var til stades, men her var truleg både Aasmund O. Vinje, Ernst Sars, Kristofer Janson og Elias Blix. Året etter, i august 1862 vart så stykket prenta i Aasmund O. Vinjes vekeblad Dølen.

Så om Aasen ikkje fann så mykje nytt språkstoff i Jostedalen, fann Jostedalen vegen inn på møtet som vart startpunktet for det organiserte målarbeidet i landet. Det er ikkje verst!

Kjelder

Sjå tekstar og kjeldeopplysningar her.

 

 

| |

Kommentarar

Kommentar frå Helge Leirdal
Tid: 3. mars 2014, 21:00

Det var berre ein liten ting; på dette bel var vel namnet på hovudstaden Christiania.

Beste helsing
Helge Leirdal

Skriv ein kommentar