Main menu:

Undersider for Jostedalsrypa:

Du er her: JostedalsrypaIbsen om Jostedalsrypa

Ibsen om Jostedalsrypa

ibsen-rypeomslag.jpgEit av dei fyrste skodespela Henrik Ibsen tok til å skrive på, hadde tittelen Rypen i Justedal, nationalt Skuespil i fire Acter af Brynjolf Bjarme. Han kjende godt til og var svært oppteken av segnene til Andreas Faye. Han byrja på stykket i Kristiania i 1850, men skreiv aldri lenger enn til midt i andre akt. Nokre år seinare braut han gjennom som dramatikar med Gildet på Solhaug medan han var teatersjef i Bergen.

I 1856 skreiv han så Olaf Liljekrans der han nytta motivet frå segna om Jostedalsrypa. Men den attlevande jenta var no vorten til brudgomen Olaf som vart ramma av alvar og rømde til skogs dagen før han skulle gifte seg.

I 1859 skreiv Ibsen sin einaste operalibretto som han aldri fullførte, Fjeldfuglen. Også her nytta han motiv frå segna om Jostedalsrypa. Jenta Alfhild er den einaste overlevande etter svartedauden i Jostedalen. Ho er sky og vill som ein fjellfugl, men av dei som finn ho forelskar seg i henne, og det utviklar seg eit trekantdrama. Stykket vart framført fyrste gong i 2009.

Det handskrivne manuskriptet til Rypen i Justedal er publisert på nettet av Universitetet i Oslo, og i 2006 vart stykket prenta i band 2 av Ibsens skrifter. I same band står òg Olaf Liljekrans og Fjeldfuglen.

Les meir

| |

Skriv ein kommentar