Main menu:

Undersider for Samferdsel og reiseliv:

Du er her: Samferdsel og reiselivTelekommunikasjonFylkestinget og Stortinget 1896-97

Fylkestinget og Stortinget 1896-97

Fylkestinget 1896

I 1896 byrja Stortinget å gje monalege løyvingar til utbygging av rikstelefonanlegg, og kommunar og fylke melde seg på med ynske om at deira anlegg var prioriterte. Nordre Bergenhus amt var ikkje noko unntak. 26. juni 1896 sende amtmann Olaj Olsen ein plan for telefonutbygginga i fylket til det årlege amtstinget som skulle haldast i juli. Lina Sogndal-Hafslo-Luster-Jostedalen var eit av 14 anlegg som «efterhånden må blive at søge bygget», og av dei anlegga ville amtmannen priortere Sogndal-Hafslo-Skjolden som nr. 2 av sju prioriterte anlegg (bak Lærdal-Årdal). Jostedalen var ikkje med.

Dampskipskomiteen i amtstinget gjekk i innstillinga si 30. juni inn for å snu om på prioriteringslista. Av seks prioriterte anlegg stod ei utbyggingn i Ytre Nordfjord som nr. 1 og Sogndal-Hafslo-Luster-Jostedalen som nr. 2 – komiteen tok såleis inn Jostedalen. Slik vart òg vedtaket i amtstinget 1. juli 1896.

Etter dette kom saka opp i kommunestyret i Jostedalen og året etter i Stortinget.

Stortinget 1897

Anlegget kom ikkje med på regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 1897-98, men regjeringa kom 5. juni 1897 med eit tilleggsframlegg om auka løyvingar til utbygging av rikstelefon- og telegrafanlegg (St.prp. nr. 76, 1897). Her vart det gjort framlegg om kr 35 000 kr til telefonanlegg til Solvorn, Kvam, Marifjøra, Røneid, Høyheimsvik, Døsen og Skjolden. Her heiter det: «Hvorvidt Linjen fremtidig bør forlænges til Jostedalen er et Spørgsmaal, som først senere antages at burde optages til Behandling i Forbindelse med andre dermed ligestillede Krav.»

Ei veke før dette hadde kommunestyret i Jostedalen vedteke å kontakte stortingsmann Frederik Fraas frå Hafslo om saka, og kommunestyret visste nok ikkje då at eit framlegg om utbygging i Hafslo-Luster utan Jostedalen var like rundt hjørna.

Jarnbanekomiteen i Stortinget innstilte på regjeringa sitt framlegg utan å ta med Jostedalslina, og Stortinget vedtok lustrautbygginga utan Jostedalen med 78 mot 28 røyster 21. juli 1897. Det var stor strid om det statlege engasjementet i telefonutbygginga desse åra, og Høgre var skeptisk. Representanten Wollert Konow (Hedmark) gjekk imot og meinte at telefonlina til Luster var ei lokalline som heller burde byggjast av private. Han argumenterte òg med at løyvinga til lina til Luster «vil trække med sig en Forlængelse af Linien til Jostedalen». Alle dei fem representantane frå Sogn og Fjordane røysta for telefonlina til Luster, men ingen gjorde framlegg om å ta med Jostedalen. Fraas svara tvert om Konow med at argumenta hans ikkje var «synderlig vægtige, naar han argumenterer ud fra, hvad der muligens i Fremtiden kan komme af mulige og umulige Krav fra de forskjellige Dalfører». Det var heilt opp til framtidige regjeringar og Storting.

Kjelder

Fylkestinget:

  • Nordre Bergenhus amtstings Forhandlinger, 1896: 149-152.
  • Seip, Hans. (1958). Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune, side 453-454.

Stortinget:

| |

Skriv ein kommentar