Main menu:

Undersider for Bilete:

Du er her: BileteBiletregistreringa i 2001

Biletregistreringa i 2001

Bileta som vart skanna i 2001, ligg no på Internett.

Under marknadshelga i juli 2001 hadde historielaget ein dugnad i Jostedal samfunnshus der det vart registrert og digitalisert 123 gamle fotografi. Temaet var «familiebilete før 1960», men det kom òg inn ein del andre typar foto. Det vart fylt ut registreringsskjema for alle bilete, og bileta vart skanna før eigarane fekk dei med seg heim att. Det vart òg laga gode papirkopiar på blekkskrivar av dei fleste bileta.

CD-ane med bileta gjekk tapte i brannen på Breheimsenteret i 2011, men historielaget har teke vare på permane med alle registreringsskjema og papirkopiar. Digitale kopiar av ein del av bileta er òg teke vare på.

Oversyn over materialet:

123 fotografi vart skanna og registrerte. Nummereringa går frå 1 til 124, men det finst ikkje noko nummer 81.

46 digitale kopiar frå skanninga i 2001 er teke vare på, alle innanfor nummera 1 til 70. For desse bileta har historielaget høgoppløyste bilete i photoshop-format.

For 67 av bileta ut over desse 46 finst det gode papirkopiar i A4- eller A5-format som vart laga på blekkskrivar i samband med skanninga i 2001.

For 10 av bileta finst berre dårlege fotokopiar saman med registreringsskjemaa.

Etter at det kom spørsmål om dette materialet hausten 2016 har historielaget gjort det digitalt tilgjengeleg på to måtar.

Dropbox-mappe: Her finn ein alle utfylte registreringsskjema (pdf), alle 123 bileta inkludert dei 10 dårlege fotokopiane (pdf), og ein finn ei liste over alle bilete med nummer, motiv, datering og eigar (excel).

Flickr-album: På denne biletdelingstenesta på Internett finn ein 113 av fotografia i grei kvalitet (jpg-format), altså alle bileta unnateke dei 10 som historielaget berre har dårlege fotokopiar av (men dei finst i dropbox-mappa). På flickr er opplysningane frå registreringsskjemaet lagde inn, og dessutan opplysningar som er komne til seinare. Her er det eit kommentarfelt der alle kan leggje inn tilleggsopplysningar, og det vonar me alle som har nokon, vil gjere!

| |