Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarUtvandring

Utvandring

Utvandringa til Nord-Amerika var svært høg frå heile Indre Sogn, og Jostedalen var ikkje noko unntak. Dei aller fleste jostedøler har i dag slekt i USA eller Canada, og det kjem årleg amerikabesøk til dalen. Utvandrarane og etterkomarane deira er grundig kartlagde i gards- og ættesoga til Lars Øyane.

Den fyrste kjende utvandraren frå Jostedalen var den 27-årige gardbrukarsonen Lars Rasmussen Hellegaard som fekk flytteattest frå soknepresten 16. februar 1851. Det fyrste store utvandringsåret var 1857, då presten har notert at 30 personar drog. Det store gjennombrotet i Jostedalen, som for mange andre stader, kom etter den amerikanske borgarkrigen. I femåret 1866–1870 er det registrert heile 154 utvandrarar frå Jostedalen. Utvandringa førte til at folketalet i Jostedalen gjekk ned frå 1865 til 1875 etter ein sterk vekst gjennom heile 1800-talet.

Frå 1866 finst det offentleg utvandringsstatistikk på kommunenivå, som for kvar femårsperiode vart oppsummert i publikasjonane Folkemængdens bevægelse frå statistisk sentralbyrå. Frå 1866 til 1930 utvandra 713 personar frå Jostedalen.

For å finne talet på utvandrarar før 1866, må ein rekne saman andre kjelder. Presten skulle føre inn «Udflyttede» og «Indflyttede» i kyrkjeboka med namn, stilling og kvar dei flytte frå/til. Legg ein til jostedalspresten sine innførslar i kyrkjeboka for åra 1851–1865, kjem ein opp 806 utvandrarar frå Jostedalen.

Dei som drog i den fyrste fasen, vart gjerne verande, og då drog mange familiar. I den siste fasen (etter 1880-åra) drog i større grad unge ugifte menn og kvinner som arbeidde nokre år i Amerika og la seg opp pengar før dei kom att til Noreg og etablerte seg. For Noreg totalt har utvandringshistorikarane rekna med at kring 1/4 av utvandrarane kom attende til Noreg. Me har ikkje tal for Jostedalen, men det budde mange i Jostedalen utover 1900-talet som hadde vore i Amerika ei tid.

For å finne ut kven som utvandra, og når dei drog, finst nokre fleire kjeldetypar attåt kyrkjebøkene: Passprotokollar, skipslister og emigrantprotokollar frå politiet i Bergen, som var byen jostedølene utvandra frå. I tillegg finst opplysningar om utvandrarane i immigrasjonsdatabasar i USA (sjå Ellis Island).

Sjølv om ein del kom att, var nettoutvandringa frå Jostedalen svært stor. Det budde 885 personar i Jostedalen i 1865 og 938 personar i 1900.

Mange sende bilete heim til Noreg. Her er familien til Kari og Lars L. Breum i Amerika (ca 1910-1915). (Eigar: Gunhild Bruheim Kristiansen)

I Jostedalen var det meir vanleg å utvandre til Amerika enn å flytte til norske byar. I mange Sunnfjord-kommunar var det omvendt, der flytte ein heller til Bergen. I 1910 budde det mest 1000 personar i Bergen som var fødde i Fjaler, men berre 10 personar som var fødde i Jostedalen. Av dei 1106 personane i folketeljinga i 1910 som var fødde i Jostedalen, budde 915 i Jostedalen, 96 i Luster eller Hafslo og berre 95 i andre norske kommunar. Same året må det ha budd mange hundre i Nord-Amerika som var fødde i Jostedalen.

Kjelder og litteratur

Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. [digital utgåve i fulltekst]

Østrem, Nils Olav. (2006). Norsk utvandringshistorie. Oslo: Samlaget.

Natvik, Oddvar. 1905 – Glimt frå Amerika, Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kyrkjebøker for Jostedalen [skanna, Digitalarkivet]

Norges officielle statistik: Folkemængdens bevægelse [skanna, Statistisk sentralbyrå]

Folketeljinga 1910: The Digital Archive (The National Archive), Norwegian Historical Data Centre (University of Tromsø) and the Minnesota Population Center. National Sample of the 1910 Census of Norway, Version 1.0. Tromsø, Norway: University of Tromsø, 2011. North Atlantic Population Project. [database]

Emigrantmateriale i Digitalarkivet (54 treff på fødestad «just*», 565 treff på «jost*»)

| |