Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Litteratur om FossJ. Laberg om Foss (1948)

J. Laberg om Foss (1948)

Mathias Foss var kjøbenhavner og f. 1714. Student frå Sorø skule i 1733 og kandidat i 1741. Same året vart han sokneprest til Jostedal.

Det var truleg meir enn eit tilfelle at den 27-årige kandidaten søkte seg til Jostedal. Paul Hansson Egede kom same året heim for godt frå arbeidet sitt på Grønland. Me kan godt tenkja oss at for Foss var Jostedal som eit nytt Grønland. Og som god pietist trudde han vel at her hadde han høve til å gå Egede sine vegar. Dette var hans fyrste mistak. Jostedal var ikkje noko Grønland.

Me har i hefte 1 og 2 fortalt um det lite pietistiske liv han møtte der i dalen. Men det me fyrr har skrive um dette, gjev ikkje noko heilt bilete av presten Foss. Han hadde ein strid som var verre i sitt eige hus. Han var gift med Marie Dreyer, og um henne seier bisp Arentz at ho var den mest skuldige av dei tvo. Ho hadde «opført seg heller som en djevlinde end som en mandinde med hugg og slag, stenkast og andet usømmeligt». Eit sovore liv i sjølve prestegarden skapa ikje vyrdnad korkje for prest eller prestfrua.

Både bisp og prost hadde lenge visst um dette, og i 1759 vart det tillyst prosterett i Gaupne, der retten skulde ha fyre seg den fordrukne presten Cimber i Gaupne, og so nytta retten høve til å freista å forlike prestefolket i Jostedal. Og dei vart forlikte. Men tvo år etter måtte dei halda ny prosterett, og so denne gongen med eit slags folik. Men året etter rymde prestfrua, fyrst til Luster og seinare til Bergen. I 1763 kom det til ein «frivillig separasjon» mot at Foss betalte 30 rdl. til kona. Det hadde han nok ikkje råd til, endå um han seinare etter pålegg frå bispen skulde få 50 rdl. frå presten på Voss. Kona si såg han aldri meir. Etter ho kom til Bergen, sat ho eit år i tukthus for tigging. Bisp Hagerup fekk henne ut frå tukthuset, og so vart det vel eit eller anna fatighus som måtte taka seg av henne. Ho døydde i Bergen 1777, 66 år gamal.

Foss og kona hadde havt 10 born, men berre 4 av desse vart vaksne, ein son og 3 døtre. Ei av døtrene fekk barn med ein gullsmed frå Hafslo, og faren var den som måtte sette henne under skriftemål og døypa barnet. På sine gamle dagar hadde Foss ei bramannskone frå Luster som hushaldar. Og etter som segni seier, var ho alltid på presten sitt beste. Medan presten um sundagen stod på stolen, selde ho brennevin på prestegarden.

Men no var presten både gamal og tullet. Og anna var ikkje å venta, etter det han hadde gjenge gjenom.

Det vart sagt både av bisp og prost, at Fos ikkje var nokon ulærd mann. Då bisp Pontoppidan i 1744 ga prestane pålegg um å gjeva ei skildring av bygdi der dei var prest i, var Foss den av prestane i Bergens stift som gjorde det best. Ho er verd å lesa den dag i dag. I samhøve med dette skriftet hans vert det og sagt at Foss var ein både gåverik og lærd mann, men og «svag og meget overtroisk».

Det var Foss sitt usæle husliv som gjorde at han aldri kom frå Jostedal. Styresmaktene våga ikkje å senda eit ektepar som livde som dei gjorde, til eit anna og betre kall.

Det vanta ikkje på at Foss søkte um å koma frå Jostedal. I 1758 søkte han soleis um å verta Anders Dåe i Vik sin ettermann som prost i Sogn. Dette trur han å ha rett til etter di han var den eldste sokneprest i Sogn. Dessutan har han til ymse tider vikariert for andre prestar og elles millombils vore prest i Hafslo, Sogndal og Aurland. Då han heller ikkje no vart teken umsyn til, trur han «ufeilarlig at have adskillig av mine fiender at tilskrive, der tid efter anden har havt sin fornøielse av at sverte mig for min høie øvrighed til min velferds spilde, skjønt det er den almæktige Gud, denne menigheds lemmer og adskillige honnette folk andre steder vitterlig, at jeg lider uskyldig».

Han måtte nok lida uskuldig ein mannsalder til, fyrr han slokna. Han døydde i 1792, 78 år gamal. Han hadde då vore prest i Jostedal i 51 år.

Kjelde

Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der [del 3]. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 182-184.

Sjå eiga side om Jon Laberg med jostedalssoga hans i fulltekst.

Merknad

Dette er ein særs interessant omtale av Foss der Laberg må ha nytta dokument frå bispearkivet i Bergen. Her er fleire opplysningar som ikkje finst i dei andre omtalene.

| |

Skriv ein kommentar