Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarSkattelister og matriklar

Skattelister og matriklar

Skatteliste - landsskatten 1614 for Jostedalen

Skattelister, matriklar og jordebøker er av dei mest sentrale kjeldene til busetnadssoga. Dette er lister over gardar og gardbrukarar med opplysningar om kor mykje garden skulle betale eller faktisk betalte i skatt.

Det fyrste dokumentet som fortel om busetnad i Jostedalen etter øydetida i seinmellomalderen, er ei presteskatteliste frå 1596. At Jostedalen ikkje er nemnd i tidlegare skattelister (som skattemanntalet 1563 for Sogn), er teke som eit sikkert teikn på at det ikkje var fast busetnad i dalen på denne tida (sjå Jostedalen fram til 1500-talet).

Skattelistene for Jostedalen ligg i all hovudsak i lensrekneskapane (før 1660), amtsrekneskapane (1661-1690) og dei sjølvstendige futerekneskapane (1691-1810). Alt dette ligg i arkivet etter Rentekammeret, no i Riksarkivet i Oslo. Skattelistene fram til 1695 er skanna og tilgjengelege i Digitalarkivet, sjå «Futerekneskapane 1597-1810 – oversyn» for fleire opplysningar.

Sjå menyen til høgre for kjelder og meir informasjon.

| |

Skriv ein kommentar