Main menu:

Undersider for Utstillingar:

Du er her: UtstillingarSjur Hesjevoll-utstilling

Sjur Hesjevoll-utstilling

Nr 24. Sjur Hesjevoll: Nigardsbreen, 1969

Nr 24. Sjur Hesjevoll: Nigardsbreen, 1969

Nettutstilling: Måleri
Nettutstilling: Dekorerte trearbeid

Under marknadshelga i Jostedalen 18.-19. juli 2009 laga Jostedal historielag til ei utstilling av biletkunst og trearbeid av Sjur O. Hesjevoll. 52 måleri og 34 dekorerte gjenstandar av tre vart stilte ut i salen i samfunnshuset. Utstillinga var komen til etter initiativ frå Magne Hesjevoll. Lidvin Hesjevoll har vore sentral i å få utstillinga i stand, og Håkon Hesjevoll stod for utforminga av utstillinga med hjelp frå styremedlemer i historielaget.

Under opninga tala Kåre Øvregard medan Håkon Høgemo framførte fem slåttar på hardingfele og Håkon Hesjevoll orienterte om utstillinga. Kring 80 hadde møtt fram til opninga.

Det var lagt ut ein protokoll som dei som vitja utstillinga vart bedne om å skrive seg inn i. Utstillinga var open i totalt 13 timar over to dagar, og på denne tida skreiv i alt 419 personar seg inn i protokollen.

Alle dei utstilte kunstverka er i privat eige, dei fleste i Jostedalen og nokre få hjå utflytte jostedøler. I samband med utstillinga vart alle dei utstilte kunstverka dokumenterte og fotograferte, og historielaget vil arbeide med å gjere dette tilfanget tilgjengeleg for ettertida.

Les meir

Omtale av Sjur O. Hesjevoll
Sjur Hesjevoll-utstillinga opna i dag (melding 18.7.2009 med foto)
Hesjevoll-utstillinga avslutta (melding 19.7.2009 med foto)

| |

Skriv ein kommentar