Main menu:

Undersider for Utstillingar:

Du er her: UtstillingarSjur Hesjevoll-utstillingSjur Hesjevoll – kortbiografi

Sjur Hesjevoll – kortbiografi

Kunstmålaren, felespelaren, tredreiaren og bohemen Sjur O. Hesjevoll vart fødd 19. mars 1914. Foreldra var Anna Sjursdotter f. Krokgjelet og Ola Halvorson f. Fåberg. Dei fekk tolv born, og Sjur var den tiande i rekkja.

Sjur budde på heimgarden Hesjevollen fram til 1968. Då fekk han bygt seg verkstad og husvære på Stein, like ved Svoi på Øvste Hesjevoll.

Av utdanning hadde han folkeskulen. Han hadde ingen utdanning som spelemann eller kunstmålar ut over nokre brevkurs. Når det gjeld trearbeidet hadde han nok likevel godt ein god skule heime. Faren Ola var svært flink med trearbeid og kjend som ’laggar’ – ein som laga trekjøreld, som saltekjerald, ambarar, mjølkebytter, stampar og liknande. Rettleiing i målarkunsten fekk han nok av den 15 år eldre broren, lærar Hallvard Hesjevoll, som var ein kjend landskapsmålar.

Fyrste fela si fekk han som 5–6-åring, og musikken vart den største gleda hans gjennom livet. Han hadde gode læremeistrar og førebilete i dei kjende jostedalsspelemennene Johannes Ormbergstølen, Martin Halveg og Olav Sperle. I vaksen alder fekk han òg god kontakt med landskjende spelemenn som Sigbjørn Bernhoft Osa, Gjermund Haugen og Alfred Maurstad. Han deltok på sin fyrste kappleik som 16-åring, og gjennom livet vart det mange kappleikar og mange gode plasseringar, både lokalt og i landssamanheng.

Sjur var òg aktivt med i ungdomsarbeid, mellom anna med amatørteater der han både måla kulissar, instruerte spelestykke og sminka aktørane.

Sjur Hesjevoll døydde 18. desember 1994 og er gravlagd på Jostedal kyrkjegard.

Kjelder

Omtala er skriven av Oddmund L. Hoel på grunnlag av biografiske opplysningar innsamla av Kåre Øvregard.

| |

Kommentarar

Kommentar frå Sverre Tandle
Tid: 9. januar 2018, 14:57

Ein mann eg aldri gløymer

Kommentar frå Sverre Tandle
Tid: 4. oktober 2018, 13:47

Sjur var ein fin person for Sogn. Han var ein fødd kunstnar på mangemåtar. Far fortalde om kor flink faren var som laggar. Han laga kjørald for bruk på garden far var fødd.

Skriv ein kommentar