Main menu:

Undersider for Bøker og blad:

Du er her: Bøker og bladLars Stølen: Glør i grua. Dikt og songar (2006)

Lars Stølen: Glør i grua. Dikt og songar (2006)

Gjennom ei årrekkje har Lars Stølen skrive dikt og songar, og mange har han tonesett sjølv. Kjennemerket hans er velsmidd lyrikk i eit stort spenn frå alvorstung naturmystikk til humørfylte dikt med emne frå folkekulturen. I 2005 gav han sjølv ut samlinga ”Glør i grua”  men det vesle opplaget forsvann raskt, og spørsmåla etter boka var mange. I november 2006 kom boka i større opplag og i vanleg sal slik at fleire kan få tak i ho.

Bokutgjevinga vart markert med ei tilstelling på Jostedal hotell sundag 19. november. Jostedal spel- og dansarlag stod for programmet. Tekst og tonar av Lars Stølen vart framførte av Asbjørg Ormberg (song), Mari Ormberg (hardingfele) og Helene Myklemyr (trekkspel). Olav Stølen fortalde om diktaren, kunstnaren og broren Lars, og det var danseframsyning og sjølvsagt kaffi og kaker.

Skulemannen og multikunstnaren Lars Stølen (f. 1923) frå Jostedalen har budd sitt vaksne liv i Oslo, men med eit bankande hjarta for heimbygda. Attåt å vere forfattar er han både treskjerar, felemakar og organisator. Han var heilt sentral i skipinga både av Jostedal historielag (1949), Jostedal spel- og dansarlag (1954) og Luster mållag (2000). Desse tre laga har hjelpt til med bokutgjevinga.

Boka kostar kr 150 og kan tingast hjå Jostedal historielag v/ Einar Blikra, tlf 57 68 32 51 eller e-post.

| |

Skriv ein kommentar