Main menu:

Undersider for Bøker og blad:

Du er her: Bøker og bladAlfred Espe: Jostedalen frå istid til sjølveigartid (2002)

Alfred Espe: Jostedalen frå istid til sjølveigartid (2002)

forside-espe.jpgNo er endeleg boki komen som fortel den dramatiske soga til bygdi som fostra Jostedalsrypa og meir enn nokon har opplevt nærveret til breen. Jostedalen frå istid til sjølveigartid tek særleg føre seg busetnads- og landbrukshistoria og skildrar dei skiftande og harde vilkåri for jostedølene opp gjennom hundreåra, med pest, flaumar, brevekst og skattepress.

Framstillingi tek til med dei fyrste jakt- og fangstfolka under hellerane i fjellet og går fram til tidleg på 1800-talet då jostedalsbøndene endeleg hadde vorte sjølveigarar etter hundreår med øydetid og gjenoppbygging. Boki sluttar med ei rikt illustrert utgreiing om arbeidsmetodar og reiskapar som var i bruk i det gamle bondesamfunnet i Jostedalen og heilt fram til 1900-talet.Både dei utan spesielle historiekunnskapar og dei meir historieinteresserte lesarane i og utanfor Jostedalen vil ha glede av denne boki, som har ei lett og personleg merkt framstilling og byggjer på eit grundig kjeldearbeid.

4. desember var det bokslepp i gamlestova på kafeen med 40 frammøtte og stor stemning.

espeportrett.jpgJostedølen og skulemannen Alfred Espe (1930–2002) var ein av dei fremste lokalhistorikarane i Indre Sogn. Han rakk såvidt å bli ferdig med manuskriptet til denne boki før han døydde i april 2002.

• 88 sider
• 120 illustrasjonar, mellom anna ei rad teikningar av Alfred Espe sjølv
• Innbunden med stive permar
• ISBN 82-996379-0-2
• 175 kroner (+ porto)

Kan kjøpast:

  • hjå Jostedal Historelag v/ Einar Blikra, Gjerde, 6871 Jostedal, telefon 57 68 32 51
  • ved å senda tinging på e-post
  • på Breheimsenteret eller Jostedal hotell

Redaksjon: Krundalen kulturtenester
Teknisk produksjon: sognefjord.net

| |

Skriv ein kommentar