Main menu:

Du er her: Heim > Bøker og blad > Sverre Fossen: Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli (2009)

Sverre Fossen: Rein og reinsjakt i Jostedalsfjelli (2009)

Sverre Fossen: Rein og reinsjakt i jostedalsfjelliJakt og fangst var gjennom hundrevis av år ein viktig næringsveg i den karrige jordbruksbygda Jostedalen. Særleg viktig var reinsjakta. Sverre Fossen har sidan 1940-åra kartlagd fangsminne og trekkvegar i Jostedalsfjelli, og her deler han denne unike kunnskapen med alle. Dei gamle reinstrekki, bogastilla, dyregravene og herbørja er omtalte og kartfesta. Me får dessutan høyre små soger om jakta og møte nokre kjende jegrar. Også tamreindrifta er omtala. Boka er rik på kart og bilete.

Sverre FossenSverre Fossen (fødd 1935) er oppvaksen i Jostedalen. Han tok lærarskulen og studerte realfag, og det meste av sitt yrkesaktive liv var han lærar og rektor på Leikanger ungdomsskule. Heilt sidan ungdomstida har han vore ein ivrig jeger og fjellvandrar i Jostedalsfjelli.

Utgjeve november 2009
ISBN: 978-82-996379-2-3
58 sider
Pris: 200 kroner

Til sals hjå

  • Jostedal historielag v/ Einar Blikra, 6871 Jostedal, tlf 57 68 32 51, mob 976 47 199, historielaget@jostedal.no (porto kjem i tillegg)
  • Jostedal hotell, Gjerde
  • Leik og Nytte, Pyramiden, Gaupne
  • Skjeldestad Libris, Sogndal
  • Notabene, Sogningen storsenter, Sogndal
  • Leikanger bokhandel

Utdrag av boki

pdf.gifFramside, innhald, tekstsider (s. 1-9)

pdf.gifListe over fangstanlegg, oversynskart (s. 25-31)

pdf.gifHovudkartdel (s. 33-38) (4 Mb)

Sjå også nettsida om fangstanlegg i fjellet.

Bokmelding av Einar Ese (16.12.2009)

| |

Kommentarar

Kommentar frå Einar Ese
Tid: 30. november 2009, 00:52

Eg vil gratulera Jostedal Historielag med nok ei flott bok. Den tredje (?) i rekkja! Håpar mange no nyttar høvet og kjøper denne som julegåve. Og boka er heller ikkje større enn at ho lett kan vera med på fjellturen til sommaren. Du Oddmund skal vel ikkje ha minst æra for at boka vart til, men gratulera til alle i laget og til forfattaren, Sverre Fossen.

Skriv ein kommentar