Main menu:

Undersider for Bilete:

Du er her: Bilete

Bilete

Det ligg ingen samlingar med gamle bilete på denne nettstaden, men det finst fleire gode databasar som også har gamle bilete frå Jostedalen.

Registreringa i 2001
Historielaget digitaliserte og registrerte sommaren 2001 drygt 120 gamle foto med temaet «familiebilete før 1960». Bileta er tilgjengelege på flickr, og alle registreringsskjema ligg i ei open dropbox.mappe.

Fylkesarkivet – fotosamlinga
Søk på «jostedal» i feltet «Distrikt» i den store digitale fotosamlinga til Fylkesarkivet gjev ca 120 treff. Basen fekk ny og meir brukarvenleg inngang i november 2016. Kopi av bileta kan tingast.

MARCUS, Universitetsbiblioteket i Bergen
Her ligg mellom anna samlinga til den kjende landskapsfotografen Knud Knudsen som tok ei rekkje bilete i Jostedalen frå 1870-åra og frametter. Søk på «jostedal» og «jostedalen» avgrensa til fotografi, gjev ca 100 treff.

Galleri NOR, Nasjonalbiblioteket
Her ligg fotosamlinga til Norsk Folkemuseum som mellom anna inneheld landskapsbilete frå Jostedalen av Axel Lindahl (1880-åra) og Anders Wilse (1926). Søk på «jostedal» og «jostedalen» gjev kring 30 treff.

| |

Kommentarar

Kommentar frå geir johnsen
Tid: 4. september 2014, 13:24

Hei
«Historielaget digitaliserte og registrerte sommaren 2001 kring 120 gamle foto med temaet «familiebilete før 1960?. Dei er ikkje tilgjenglege på Internett enno.»

Har du en status på dette arbeidet? Er en stund siden 2001… Min kone har etterkommere eter Ole Olson Fossen fra Fossen, så derfor lurer jeg på om det kan være noen gamle fotos fra det bruket?
mvh,
Geir Johnsen

Kommentar frå geir johnsen
Tid: 4. september 2014, 13:25

Hei
«Historielaget digitaliserte og registrerte sommaren 2001 kring 120 gamle foto med temaet «familiebilete før 1960?. Dei er ikkje tilgjenglege på Internett enno.»

Har du en status på dette arbeidet? Er en stund siden 2001… Min kone har etterkommere eter Ole Olson Fossen fra Fossen, så derfor lurer jeg på om det kan være noen gamle fotos fra det bruket?
mvh,
Geir Johnsen

Skriv ein kommentar