Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarØvregard: Stølar og stølsliv (1999)

Øvregard: Stølar og stølsliv (1999)

Kåre Øvregard: Stølar og stølsliv i Luster kommune (1999)

stolssoga.jpg

Gjennom ein 2 års bolk frå 1997 og ut 1998 har Kåre Øvregard samla materiale og skrive på manuskriptet til denne framstillinga av sølane og stølslivet i Luster kommune. Ideen med å få utarbeida denne boka ligg både i erkjenninga av at mykje viktig lokalhistorie er i ferd med å gå tapt med det generasjonsskiftet me no er inne i, men også det faktum at Luster kommune nok må seiast å vera den kommunen i Sogn og Fjordane, og kanskje i eit enno større geografisk område, som i fleire generasjonar har hatt den mest omfattande utnyttinga av utmarksressursane – beiteområda og fjellviddene -!

Forfattaren legg for dagen ei framstillingsform som inviterar alle lesarar til å vera med på ei oppleving. Dette mykje utfrå at Kåre Øvregard stiller som representant for dei som i barneåra fekk oppleva stølslivet på nært hald m.a. som såkalla «budeiedalt», men også som «friluftsmann» med auga for det unike og verdifulle som naturen og menneska i fellesskap har gjort stølsområda til.

Lokalhistorie er i stor grad med på å underbyggja vår identitet, ei kjensle av å høyra til ein stad. Gjennom eit breidt satsingsfelt på bygdebøker, lokalhistoriske årbøker og ymse anna litteratur og formidlingsteknikk vil Luster kommune medverka til at kunnskapsmengd og variasjon skal vera rikast mogeleg. Så langt må me ha lov til å slå fast at me er på rett veg.

Boka kan kjøpast på bokhandelen rundt om i landet, men også tingast ved å klikke på tingingskupongen – me vil formidla tinginga vidare til forlaget Skald på Leikanger.

Bokomtale av kultursjef Erling Bjørnetun som låg på nettstaden til Luster kommune fram til desember 2010.

| |

Skriv ein kommentar