I Björgynjar Kálfskinn (Bergens Kalvskinn) står dette om Jostedalen:
kirkian j iostru dall tækr so mykit vid sik.
Jnprimis xij. kyr.
Tiund gælldr xx laupa sma ok stor.
En prestrenn tækr uid sik
Inprimis j bræidrinn sextan laupar.
Jtem j høgøyum vij manadamate
Jtem j vormu uik halfr
Jtem j Rynøy j skaghanum laupr | gaf josepher bonde.
Tiund gælldr xx. laupa sma ok stor.
Jtem xíx kyr till prestekiu.
Jtem halft kyrlagh.
(For nokre bokstavar (s, v, r) er det her nytta moderne skriftteikn. Samantrekningar av ord i originalen som er skrivne heilt ut ovanfor, er ikkje markerte med kursiv her slik dei er i bokutgåva.)
Omsetjing
Kirken i Jostedal tar så mye for sin part
Først 12 kyr
Småtienden og stortienden er verd 20 lauper
Og presten tar for sin part
Først i bræidrinn 16 lauper
Likeledes i Høyeim 7 månedsmater
Likeledes i vormu uik 1/2 (månedsmat?)
Likeledes i Ronnei i Skagen (1) laup som Josef bonde gav
Småtienden og stortienden er verd 20 lauper
Likeledes 19 kyr til presteinntekten
Likeledes 1/2 kyrlag
Merknad
Avskrift og omsetjing er etter den siste utgåva av Bergens kalvskinn ved Ole-Jørgen Johannessen i 2016. Faksimile (bilete) etter Finn Hødnebø si utgåve frå 1989.
Bergens kalvskinn er eit register over geistlege jordeigedomar i Bjørgvin bispedøme kring 1350, skrive på gamalnorsk. Ein meiner at dei eldste delane er frå 1308-09 og dei yngste frå 1340-åra. Den avskrifta som finst i dag (i Riksarkivet), er frå etter 1351, men ein meiner altså at jordeboka reflekterer tilstanden før svartedauden (1349). Det er den eldste bevarte jordeboka i Noreg og ei svært viktig kjelde for historikarar og namnegranskarar.
Det som står om Jostedalen er sparsamt. Fire gardar er nemnde. Den einaste som truleg låg i Jostedalen, var «Bræidrinn», eit namn som no er tapt, og som kan ha vore prestegarden. Herifrå skulle presten ha 16 laupar, noko som indikerer at det var ein stor gard. «Høgøyum» er av Johannessen tolka som Høyeim. «Rynøy i Skaghanum» har han tolka som Ronnei. Ukjende namn i dag er «Bræidrinn» og «Vormu vik».
Bergens kalvskinn vart fyrst publisert av P.A. Munch i 1843 (Digital utgåve, Nasjonalbiblioteket).
Her er nytta:
Bergens kalvskinn. Utgitt av Ole-Jørgen Johannessen, Riksarkivet, Oslo 2016. (Digital utgåve bak muren, Nasjonalbiblioteket | Omtale ved Arkivverket]
Takk til fyrsteamanuensis Ole-Jørgen Johannessen, Nordisk institutt, og professor Ingvild Øye, Arkeologisk institutt (Universitetet i Bergen) for munnlege opplysningar.
Publisert av Oddmund, 18.05.2007 (sist endra 14.04.2025)
Skriv ein kommentar