Main menu:

Undersider for Jostedalen fram til 1500-talet:

Du er her: Jostedalen fram til 1500-taletKjelder før 1500Vikingøksa frå Kjervik

Vikingøksa frå Kjervik

vikingoks-liten.jpgJostedalen er fattig på fysiske spor frå forhistorisk tid. Mellom anna er ikkje eit einaste gravminne kjend. Den einaste kjende gjenstanden frå sjølve bygda (gardsområda) er ei lita vikingøks funne på Kjervik kring 1960 (biletet til høgre).

Støls- og fjellområda er betre granska. I samband med kraftutbygginga vart det tidleg i 1980-åra sett inn ressursar for å kartleggje dei forhistoriske minna i dei områda der utbygginga skulle gå føre seg nord og aust for hovuddalføret. Her vart det òg funne ein god del gjenstandar.

Anne Mette Haugen har i masteroppgåva si (2006) datert vikingøksa frå Kjervik til mellom 1000 og 1400 e.Kr.

Øksa ligg i dag i mellomaldersamlinga til Bergen museum. Katalogen til museet seier dette:

11567. Miniatyrøks av jern fra middelalderen. Den har utsvunget blad og skjev egglinje. Skafthullpartiet er bredere enn selve øksebladet. På undersiden går halsen jevnt buet over i skafthullpartiet som er delvis ødelagt men som ser ut til å ha vært rett avskåret. På oversiden er overgangen stumpvinklet og største bredde på skafthullpartiet er helt ytterst på nakken. Hamreflaten er konveks på tvers av øksens lengderetning. Eggen har avskallinger. Øksen er 10,7 cm lang, 6,7 cm bred over eggen, nå 5,7 cm bred ved nakken og 2,1 cm tykk over nakken. Funnet på Kjerrviki, Jostedal s. og p., Sogn og Fjordane gnr. 198, bnr. 4 i en gammel hustomt mellom fjøs og stue på bruket «Tunvollen». Funnet lå ca. 75 cm dypt. Gave fra Lars Kjærvik v/Torleif Kjervik.

| |

Skriv ein kommentar