Main menu:

Undersider for 1814, 1905, val og folkerøystingar:

Du er her: 1814, 1905, val og folkerøystingarStortingsvalJostedøler med røysterett 1814-1823

Jostedøler med røysterett 1814-1823

Grunnlova 17.5.1814 og den reviderte grunnlova 4.11.1814 gav i paragraf 50 røysterett ved stortingsval til menn over 25 år som oppfylte visse kvalifikasjonar. For at dei som kvalifiserte til å få røysterett faktisk skulle få det, laut dei sverje eid til Grunnlova på bygdetinget.

Dette var såleis eit punkt på dei tre ordinære årlege tingsamlingane for Luster og Jostedalen skipreider i Dale dersom det var nokon som ville avleggje eiden. Somme gonger er jostedølene oppførte i tingboka for seg, andre gonger i lag med lustringane. I det følgjande oversynet er berre jostedølene med. Namna er skrivne av nøyaktig etter tingboka, men er der oppsette i lister [feil i manntalsprotokollen i parentes].

Avskrift av tingbøkene

Hausttinget 10. september 1814
Sjå fullstendig avskrift av den fyrste eidsavlegginga.

  1. Jørgen Møchlemyhr, af Jystedahlen,
  2. Erick Olsen ibid,
  3. Sjur  Bakken,
  4. Kjeppe Knud og
  5. Jetmund Kjervig,
  6. Lars Nils: Lien,
  7. Erick Espe,
  8. Paul Mjelvæhr,
  9. Claus Elvekrog,
  10. John Snethun,
  11. Tøger Kronen, [ikkje 1815]
  12. Rasmus Hellegaard [ikkje 1815]

Sommartinget 7. juni 1815

  1. Rasmus Larsen Faaberg,
  2. Lars Olsen Faaberg,
  3. Anders Ottesen Grov,
  4. Peder Andersen Snethun,
  5. Knud Rasmussen Bergseth [ikkje 1818]

Sommartinget 9. juni 1818

  1. Lars Johnsen Nedrelie

Hausttinget 25. oktober 1820

  1. Anders Larsen Lie

Sommartinget 6. juni 1823

  1. Halvor Olsen Wamberg, [ikkje 1814]
  2. Erich Knudsen Kjervigen, [ikkje 1814]
  3. Anders Andersen Ormberg

Prestane
Sokneprest i Jostedalen frå 1812 til 1820 var dansken Holger Halling Schjødt. Han oppfylte ikkje kravet i Grunnlova (§ 50) om fem års opphald i landet og var såleis ikkje røysterettskvalifisert før i 1817. Men det ser heller ikkje ut til at han avla eid dei siste tre åra han var prest i Jostedalen.

Sokneprest frå oktober 1822 var Peder Pavels Aabel. Han vart røysterettskvalifisert 13.4.1822 då han 26 år gamal vart utnemnd til presteembetet i Jostedalen, men ser ikkje ut til å ha avlagt eid i 1823. Frå august 1823 var han sokneprest i Sogndal, så han har truleg avlagt eid på tinget i Sogndal seinare.

Kjelder
Statsarkivet i Bergen, Sogn og Fjordane fylke, Indre Sogn sorenskriveri (Digitalarkivet)
# Tingbok I A 51, 1814-1818, s. 123a (1814), 226a (1815), 674b (1818)
# Tingbok I A 52, 1818-1823, s. 341b-342a (1820)

| |

Skriv ein kommentar