Main menu:

Du er her: Om lagetLover

Lover

Skipingsmøtet 24. februar 1949 vedtok desse lovene (etter protokollen):

§ 1.
Føremålet for laget er å ta vare på historiske og kulturelle minne frå Jostedal. Den fyrste oppgåva laget har, er å få gje ut ei meir utførleg bygdebok for Jostedal.

§ 2.
Det er føresetnaden at laget etter kvart skal utvidast med medlemmer i Jostedal og mellom utflytte jostedøler og deira etterkomarar. Lagsfolk blir dei som betalar årspengane, som er sette til kr. 2.

§ 3.
Det vert halde minst eit medlemsmøte for året. Det vel ein formann og tre styremedlemmer med tre varamenn og to ettersynsmenn for rekneskapen. Ein vel eit styremedlem kvart år. Dei to fyrste åri går styremedlemmet ut etter lutkasting.

§ 4.
Styret vel seg imellom skrivar og kassestyrar, står føre arbeidet i laget og styrer midelen åt laget. Viktige saker vert lagde fram på medlemsmøtet. Styret tek imot og avgjer innmeldingar i laget. Det er avgjerdsført når 2/3 av styremedlemmene er til stades. Det fører bok over styremøte og styrevedtak, lagsmøte og lagsvedtak. Det legg fram for medlemsmøtet melding om arbeidet i det framfarne året, ettersedd rekneskap og framlegg om arbeidsplan i det komande året. Det daglege arbeidet kan styret leggja på formannen eller skrivaren etter som det høver.

§ 5.
Lagssaker vert avgjorde med røystefleirtal av dei som møter. Står røystene likt, gjer formannen utslaget.

§ 6.
Skulle laget verta nedlagt, skal pengemidlane som laget måtte ha, gå til Jostedal herad, som skal bruka midlane til liknande føremål som laget hadde.

§ 7.
Framlegg til brigde i lagslovene skal, om det er mogleg, kunngjerast for medlemmene før medlemsmøtet. Lagslovene kan brigdast berre på medlemsmøtet. Til brigde i §§ 1 og 6 krevst det 2/3 fleirtal. Til dei andre §§ vanleg fleirtal.

Lovene er seinare aldri formelt endra, men laget har lagt seg på ein praksis med at styret har fem medlemer og årsmøtet fastset medlemspengane.

| |

Skriv ein kommentar