Main menu:

Undersider for 1814, 1905, val og folkerøystingar:

Du er her: 1814, 1905, val og folkerøystingarEi rettssak om «uordener» i 1814

Ei rettssak om «uordener» i 1814

Brørne og lensmannssønene Tøger Larsen Kruna og Rasmus Larsen Fåberg vart 18. mars 1814 valde som utsendingar frå Jostedalen i samband med valet til riksforsamlinga. Kjeldene seier ikkje noko direkte om kvifor dei vart valde, men me kan merke oss at tre personar før dei i rang og status ikkje vart valde. Det var sokneprest Holger Halling Schjødt, klokkaren Johannes Bjørk og andre forlikskommisær Sjur Breum. Bjørk og Breum var framståande menn i jostedalssamfunnet.

Byrjinga på saka i tingboka

Byrjinga på saka i tingboka

Ei mogleg forklaring kan vere ein konflikt mellom presten og ei gruppe bønder. Den 15. juni 1814 måtte seks bønder møte til rettslege forhøyr på sommartinget for Luster og Jostedalen. Det var Hans Olsen Nedrelid, som var lensmannsdreng, Anders Andersen Haugen, Anders Ottesen Grov, Claus Olsen Elvekrok og dei to som vart valde tre månader før – Tøger Larsen Kruna og Rasmus Larsen Fåberg.

Futen for Ytre og Indre Sogn, Rasmus Endresen, tok opp saka på tinget etter å ha fått ein klage frå sokneprest Schjødt på ymse «begaaede uordener» dei seks skulle ha stått bak. Klaga var dagsett 28. desember 1813 og galdt tre ulike hendingar. Den hendinga som fyrst vart nemnd, og som var utløysande for klagen, var ein auksjon i Kroken (Elvekrok) laurdag 11. desember 1813.

To vitne forklarte seg fyrst: Anders Larsen Åsestølen og Knut Olsen Nigard. 64-åringen Åsestølen hadde kanskje ombodet som prestens medhjelpar utan at vitnemålet hans var særleg til hjelp for presten. Åsestølen kunne fortelje at han hadde vore i Kroken 11. desember med ein 20–30 andre. Det hadde vore auksjon, halden av lensmannsdrengen Hans Olsen Nedrelid. Etter auksjonen hadde fleire bede Hans Olsen Nedrelid om å spele til dans, «hvilket han giorde; Hvor længe Hans Olsen spillede ud paa Natten», visste Anders Åsestølen derimot ikkje. Men neppe lenger enn til 11–12 trudde han. Då han stod opp «i Dagningen», var iallfall spelet over. Anders Åsestølen og alle andre som forklarte seg, kunne forsikre retten om at det var «ingen Klander ved denne Forsamling, saamegetmere som der næppe var Brendeviin at faae, undtagen en og anden som havde taget lidt med for dermed at traktere sine Venner, og paa denne Maade fik Deponenten [Anders Åsestølen] ogsaa et Par Drammer».

Åsestølen trudde «ikke at denne Dristighed forhindrede Folk fra at gaae til Kirke» dagen etter, og det var nok dette som hadde fått Schjødt til å ta ut stemninga fordi mange ikkje møtte til gudstenesta dagen etter, som var 3. sundag i advent. Anders Åsestølen hadde på presten dessutan forstått det slik at det ikkje skulle vere gudsteneste den dagen. Han hadde heller ikkje sett at Hans Olsen Nedrelid «fik Penge for sit Spil», og han sjølv hadde heller ikkje betalt han noko. Anders Åsestølen hadde tydelegvis vore på gudstenesta.

Det andre klagepunktet til presten var at dei seks anklaga heller ikkje hadde møtt i kyrkja to veker før, fyrste sundag i advent. Derimot hadde dei vore heime hjå lensmannsdreng og spelemann Hans Olsen Nedrelid. Dei forklarte seg med at dei ikkje kunne gå i kyrkja fordi dei var på veg til Luster, til Jakob Talle sitt bryllaup. Når dei kom forbi Garden, vart dei bedne inn av kona til Hans Olsen, og Hans Olsen forklarte at «det er mueligt … at [han sjølv] eller hans kone kan have trakteret disse folk med en dram eller to». Men kortspel var det ikkje, sa han – her sprikjer rett nok forklaringane litt. Tøger Larsen vedgjekk at det vart spela litt kort før Hans Olsen bad dei slutte med det. Forklaringane frå dei involverte var elles godt samkøyrde. Det må nemnast at Hans Olsen si kone Torborg var syster til Rasmus og Tøger.

Eit tredje klagepunkt var «Liigbegegnelsen» (likferda) til Knut Olsen Elvekrok som vart halden i Kroken 6. november 1813 – dette var farbroren til den anklaga Claus. Men Claus slo fast at her var «aldeles ingen Uorden … begaaet da de ikke havde andet Drikke end Brim, Melk og Vand».

Saka enda med at presten Schjødt bad om at saka vart utsett til hausttinget i 1814 slik det kunne kallast inn fleire vitne enn dei to som hadde forklart seg. Det ser ikkje ut til å vere meir om saka på dei fylgjande bygdetinga, så det heile rann nok ut i sanda. Futen og presten kom kanskje til at dei ikkje hadde noka sterk sak.

Sokneprest Schjødt som var sokneprest i Jostedalen 1812–1820, er i kallsboka (påbyrja 1830) nemnt som «især i Begyndelsen en meget opfarende Mand». Han reiste nok klagemålet for å setje på plass ei gruppe mektige og gjenstridige bønder som ikkje tok kyrkjegangen så tungt. Då han reiste klagemålet sitt 28. desember 1813, gjorde han det medan eineveldet var intakt som politisk og juridisk system. Det Schjødt ikkje kunne føresjå, var dei politiske omveltingane som gav allmugen ein ny måte å hevde seg på. Det er iallfall ikkje urimeleg å tolke vala av Rasmus og Tøger som ein protest mot Schjødt og hans næraste to menn i bygda, klokkar Bjørk og Sjur Breum.

Kjelder og litteratur

Tingbok for Indre Sogn (1814–1818), sommartinget 13.–15.6.1814, side 62a–63b.

Hoel, Oddmund L. (2014). Dei fyrste valmenn og røysteføre i Sogn med vekt på Jostedalen og Luster. I Jens Johan Hyvik, m.fl. (red.), Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark (s. 397-427). Oslo: Novus forlag. [Omtale]

| |

Skriv ein kommentar