Main menu:

Undersider for Kyrkjehistorie:

Du er her: KyrkjehistorieKyrkjerekneskap

Kyrkjerekneskap

rekneskapssideDrifta av kyrkja var åtskilt frå presteembetet. Kyrkja og presten hadde kvar sin økonomi, og det fanst eigne ombodsmenn som tok seg av drifta og økonomien knytt til kyrkja.

I 1720-åra vart dei aller fleste bygdekyrkjene i Sør-Noreg auksjonerte bort, og private eigarar fekk hand om kyrkjedrifta og økonomien. I Jostedalen vart kyrkja kjøpt av presten Henrik Nitter, truleg i 1723 (skøyte 1725), og skifte seinare eigarar mange gonger før Jostedal herad fekk hand om den siste private eigarparten i kyrkja i 1910.

Rekneskapane fell såleis i tre hovudkategoriar: Dei statlege fram til 1722, dei private frå ca. 1723 og dei kommunale frå tidleg på 1900-talet (sjå arkivopplysningar i undermenyen til høgre).

Utgiftene til kyrkjedrifta var til vedlikehald av sjølve bygningen og til inventar og utstyr som dei kyrkjelege handlingane kravde. Dette galdt òg vin og brød, ved, lys og anna forbruksmateriell.

Inntektene til kyrkja kunne kome frå fleire hald. Viktigast var kyrkjetienda, altså kyrkjeskatten som kvar gardbrukar betalte årleg. Når privatpersonar kjøpte kyrkja, følgde det òg med ein rett til å krevje inn tienda. Det vart i 1802 inngått ein avtale mellom kyrkjeeigaren og allmugen om tiendebetalinga, som det er teke med avskrift av her. 

Kyrkja kunne dessutan ha leigeinntekter frå eigedom. I Jostedalen låg det ikkje gods til kyrkja, men kyrkja åtte ei stund ein del storfe og småfe som vart leigde ut til gardbrukarar og gav inntekter. Slike «kyrkjekyr» var temmeleg vanlege i bygdene, og Jostedal kyrkje hadde inntekter frå husdyr heile perioden 1631-1722. I 1722 var inntekta frå utleige av kyr, geiter og sauer dobbelt så stor som tiendinntekta.

| |

Skriv ein kommentar