Sjå Kyrkjehistorie i meldingsarkivet for nyhende og meldingar.
Den vesle lafta trekyrkja er den eldste bygningen og det viktigaste kulturminnet i Jostedalen. Kyrkja stod ferdig i 1660 og har 350-årsjubileum i 2010. Det vert feira stort. Hovudmarkeringa var 26.-27. juni der ei ny stor jubileumsbok om kyrkja vart lansert.
Desse nettsidene er i hovudsak vortne til i arbeidet med jubileumsboka. Her er mykje av det sentrale kjeldetilfanget for boka lagt ut parallelt med skrivinga. Ein del av dette er kjelder som berre i liten grad er nytta tidlegare.
Mykje av det bevarte kjeldetilfanget om Jostedalen fram til 1700-talet er om kyrkja og presteembetet. Kyrkjesoga er såleis eit viktig inntak til soga om heile jostedalssamfunnet. Det er ei soge prega av marginale vilkår både for allmuge og prest, og det var fram til 1800-talet det ringaste prestekallet ikkje berre i Bergens stift, men i heile landet.
Sentrale kyrkjehistoriske tema er:
Om kyrkjehistoria, sjå òg
Kjelder før 1500
Presteskattelista 1596 (under Gardar og folk)
Topografiske skildringar (fleire aktuelle dokument)
Biskop Pontoppidans visitasberetning (1749)
“Justedalens kortelige Beskrivelse” av Matthias Foss (1750)
Biskop Neumanns skildring frå visitasferda til Jostedalen 1823
Nyttig artikkel!
Anne Marta Hoff: Kyrkjeforsking og kjelder (Digitalarkivet)
Skriv
| Send
|
Publisert av Oddmund, 16.05.2007 (sist endra 11.07.2010)
Skriv ein kommentar