Main menu:

Undersider for Jostedalen fram til 1500-talet:

Du er her: Jostedalen fram til 1500-taletArkeologiprosjektetAnn Katrine Sivertsen: Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen (2006)

Ann Katrine Sivertsen: Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen (2006)

[Utdrag frå Ann Katrine Sivertsen. (2006). Jordbruks- og busetnadsutvikling i Jostedalen. Med utgangspunkt i punktundersøkingar i innmarka på gardane Nedrelid og Kruna. Masteroppgåve i arkeologi. Universitetet i Bergen.]
 

Heile masteroppgåva vil bli publisert på nettet våren 2007.

  

Kapittel 8. Avslutning

Mine undersøkingar har vore del av prosjektet ”Den eldste busetnaden i Jostedalen” som vart starta på initiativ frå historielaget i dalen. Busetnaden i dalen har før dette vore lite dokumentert. Mi målsetjing har vore å kasta lys over over jordbruks- og busetnadsutviklinga på dei to gardane Nedrelid og Kruna i tid og rom, og å freista avdekkja tendensen i utviklinga i Jostedalen.

I den arkeologiske undersøkinga har eg valt ut punkt i åkrar fordelt i innmarka på dei to gardane. På denne måten har eg frista å avdekkja når dyrkinga starta, bruksmåtar, endring og eventuelle brot eller kontinuitet i drifta. Eg har kunna fulgt drifta frå fyrste oppstart på gardane gjennom yngre jernalder, mellomalder og fram til i dag. Mitt arbeid føyer seg inn i rekkja av gardsundersøkingar i Sogn dei siste ti åra. Eg vil no freista å samla trådane etter å ha gjennomgått den romlege analysen, det historiske kjeldematerinalet og analysen og dateringa av jordbrukselementa.

Når starta den fyrste jordbruksdrifta? Dei to undersøkingane vart tekne i bruk med eit mellomrom på fire hundre år. Garden med eldst datering er som nemnt Nedrelid. Eg har registrert tre åkrar med fyrste driftsfase i merovingertid, ca. 550 til 800 e.Kr. Denne fasen er prega av ekstensiv drift med tydelege avsviingslag i botn og tynne dyrkingslag. Kruna vart teken i bruk i tidleg mellomalder, ca. 1030–1150. Driftsmåten er variert, med både teikn på ekstensiv drift og intensiv drift med tjukke dyrkingslag.

Er det teikn på styrt busetjing? Denne problemstillinga vart sett for å freista å sjå om Jostedalen var del av ei eldre godssamling. På grunn av at eg berre har resultat frå to gardar i dalen vil eg ta atterhald for å gjera slutningar på negativt grunnlag, men det store spriket i tid mellom grunnleggjinga på dei to gardane er det ikkje teikn på strukturert busetjing av Jostedalen som skjedde til same tid. Det kjem heller ikkje fram i resultata mine om når Jostedalen vart del av eit gods. Dei historisk skriftlege kjeldene frå før svartedauden er få. Ingen av mellomalderkjeldene gjev intrykk av at dalen skal ha lege under eit gods før dei kom under Apostelkyrkja. Også her vil eg likevel ta atterhald om å slutta på negativt grunnlag.

Driftsendringar?

Undersøkinga har vist at gardsdrifta i Jostedalen strekk seg langt baketter i tid, iallfall 1400 år før notid. Den visar òg at driftsmåten raskt har vorte intensivert, og at det samstundes har vore ein ekspansjon av åkerland innafor innmarka. Resultat frå undersøkinga av steingjerdet på Kruna tyder på at gardsstrukturen som me kjenner i historisk tid strekk seg tilbake seinast til 1200-talet, men grensa er truleg like gamal som åkerdrifta. Åkrane ser nemleg ut til å ha vore stabile. På Kruna er det òg grunn til å rekna med at det har vore tunkontinuitet frå og med fyrste driftsfase på 1000-talet, sidan alle dei undersøkte åkrane ligg nær gamletunet. Dette er noko meir usikkert på Nedrelid, men det er grunn til å rekna med plasskontinuitet i innmarka frå og med fyrste driftsfase på 600-talet.

I vikingtid skjedde det ei endring i driftsmåten i retning av meir intensiv drift på Nedrelid. Dette ser ut til å auka i omfang utover tidleg mellomalder/høgmellomalder, iallfall i nokre av åkerområda. Åkrane vart drivne intensivt etter kort tid på Kruna, fyrst ein stad, og like etter på eit anna område. Det kan vera eit teikn på at intensiv åkerdrift no var den vanlege driftsmåten i Jostedalen og elles i Sogn.

Brot eller kontinuitet?

Det er ingen teikn på fullstendige brot i drifta på Nedrelid eller Kruna, verken før eller etter svartedauden. Det er likevel mogleg å sjå ei nedgang i drifta, mellom vikingtid og høgmellomalderen på Nedrelid. Dei åkrane ein kan spora kontinuitet i i denne perioden har truleg heller ikkje vore lagt ned og gått ut av bruk i perioden etter svartedauden. Eg har òg avdekkja ein nedgang i drifta etter svartedauden på Kruna. Det har vore ei omleggjing av åkeren med sjakt 2 til beitedrift. Drifta av åkeren med sjakt 8 ser likevel samstundes ut til å verta ytterlegare intensivert.

Jostedalen annleis enn resten av Sogn?

Resultata frå mine undersøkingar på Nedrelid og Kruna i Jostedalen fell inn i eit generelt bilete på driftsmåtar og jordbruksutvikling i Sogn i perioden frå yngre jernalder til tidleg nytid, når ein samanliknar med andre arkeologiske gardsundersøkingar. Mi undersøking visar at dei to gardane har ei mykje lenger historie enn det er mogleg å påvisa gjennom historiske kjelder, men kortare enn dei andre arkeologisk undersøkte gardane i Sogn. Dette har vorte avdekkja gjennom arkeologisk visuell landskapsanalyse og sjakting av fossile og relikte åkrar og steingjerde. Eg har òg nytta C14-datering, som har gjeve meg sikre haldepunkt i undersøkinga av jordbruksutviklinga på gardane.

Jostedalsrypa – ein myte?

Nedrelid og Kruna har ei historie som rekk langt tilbake i tid. Resultata frå undersøkingane syner ein klår tendens for driftsutviklinga elles i dalen. Det er mogleg det har vore ei nedgang i tal på åkrar i tida rundt svartedauden, men det er òg registrert ei vidare intensivering i drifta i nokre av åkrane. Dette vert understreka av at åkrar vert teken i bruk tidleg på 1400-talet, då dalen skulle ha vore folketom. Dei to gardane Nedrelid og Kruna i kvar sin ende av Jostedalen ser ut frå mine granskingar ikkje ut til å ha lege øyde etter svartedauden. Jostedalsrypa kan neppe ha vore så åleine som sagnet seier. 

| |

Skriv ein kommentar