Main menu:

Undersider for Jostedalen fram til 1500-talet:

Du er her: Jostedalen fram til 1500-taletArkeologiprosjektet

Arkeologiprosjektet

Sjå arkeologi i meldingsarkivet for medieoppslag, smånytt og statusrapportar om prosjektet.

Segna om Jostedalsrypa har tvillaust gjort Jostedalen til den mest kjende øydebygda etter Svartedauden. Den gripande forteljinga om den einaste attlevande jenta etter pesten har prega norske lesebøker i hundre år og er kjend frå skriftlege kjelder heilt frå tidleg 1600-tal.

Likevel har me mest ingen sikker historisk kunnskap om samfunnet i Jostedalen, korkje om tida før Svartedauden (ca. 1350) eller om øydetida og gjenryddinga av dalen i andre halvdel av 1500-talet. Jostedalen er knapt nemnd i skriftlege kjelder før 1600, og tidlegare arkeologiske utgravingar (Breheimen-undersøkingane) har vore konsentrerte om fjell- og stølsområda.

Jostedal historielag og Jostedal bygdelag tok i mars 2003 initiativet til eit større prosjekt for å kartleggje og datere den eldste busetnaden i Jostedalen. Målsetjingane for prosjektet er å finne ut når det kom ein fast jordbruksbusetnad i Jostedalen, korleis den fyrste busetnaden utvikla seg og om bygda faktisk låg øyde etter Svartedauden. Bakgrunnen for prosjektet er både eit ønske om å vite meir om fortida vår, og å utvide grunnlaget for å drive kultur- og historiebasert bygdeutvikling og næringsutvikling i Jostedalen.

Hausten 2003 gjennomførte arkeologane Gunhild Berge Stang og Bård Gram Økland eit forprosjekt der det arkeologiske registreringsarbeidet vart planlagt. I tre veker i mai-juni 2004 fekk så Gunhild og Bård selskap av sju masterstudentar i arkeologi då hovudtyngda av feltarbeidet vart gjort. Det er òg gjort supplerande feltarbeid i fleire mindre omgangar.

Anne Mette Haugen og Ann Katrine Sivertsen leverte masteroppgåver i arkeologi innanfor prosjektet i 2006. Rettleiar og fagleg ansvarleg for heile prosjektet er professor Ingvild Øye ved Arkeologisk institutt, Universitetet i Bergen.

Så langt er det grave kring 40 sjakter (hovudsakleg i åkerreiner) på dei fem gardane Kruna, Nedrelid, Espe, Åsen og Bergset, i tillegg til ein god del prøvestikk i gamle vegar. Jordprofilane vart dokumenterte, og til no er 28 prøver daterte (C14) i samband med masteroppgåvene.

Prosjektet har fått økonomisk støtte frå Luster kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det er så langt lagt ned over 1000 dugnadstimar på prosjektet. I tillegg kjem den tida Anne Mette og Ann Katrine har brukt på masteroppgåvene sine.

Dei fyrste resultata frå prosjektet vart presenterte på årsmøtet til Jostedal historielag 18. mars 2007 og i media dei følgjande dagane.

Oppdatert 14.5.2007.

| |

Skriv ein kommentar