Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstDen vesle istidaNaudhjelp til Jostedalen (1743)

Naudhjelp til Jostedalen (1743)

Våren 1743 kom det sendande 200 tønner korn i rein naudhjelp til den naudlidande allmugen og presten i Jostedalen. Nedanfor følgjer ei rekkje sentrale dokument om saka. Dei er ikkje publiserte tidlegare og ser ut til å ha vore ukjende for historikarar. Avskrift av alle dokumenta er samla i eit pdf-dokument, og i tillegg er avskrift av nokre dokument lagt ut på eigne nettsider.

pdfOriginaldokument – saksmappa i Danske kanselli (30 Mb, gotisk handskrift)

pdfAvskrift av alle dokumenta  (1.9.2010)

Kjelde

Riksarkivet, Danske Kanselli, Norske innlegg, pk. januar-juni 1743, 24. mai 1743. [Skanna dokument i Digitalarkivet, bilete 482-494]

Oversyn over dokumenta

# Brev 16.4.1743 til Danske kanselli frå Jonas Lym (stiftsbefalingsmann i Bergen)
# Vedlegg A: Brev 26.2.1743 frå Matthias Foss (prest i Jostedalen) til Jonas Lym [avskrift]
# Vedlegg B: Kopi av resolusjon 16.3.1636 frå Jens Bjelke og Ludvig Munthe [avskrift]
# Vedlegg C: Brev 26.2.1743 frå Matthias Foss til Jonas Lym
# Vedlegg D: Kopi av brev 26.2.1743 frå Jonas Lym til Rentekammeret i København, og kopi av brev 19.2.1743 frå Ananias Harberg (fut i Sogn) til Jonas Lym [desse to dokumenta stamma opphavleg frå saka om skattefritak]
# Vedlegg E: Kopi av brev 13.4.1743 (kopidato) frå Hr. Leganger til Jonas Lym
# Vedlegg F: Kopi av brev 15.4.1743 (kopidato) frå P.K. Jessen til Jonas Lym
# Vedlegg G: Kopi av brev 16.4.1743 frå Jonas Lym til Ananias Harberg
# Saksutgreiing i Danske kanselli 11.5.1743 med kongeleg påteikning

Kongebrevet 24.5.1743 (eiga side) – brevet frå Danske kanselli til Jonas Lym med resultatet av sakshandsaminga

Merknad

I april 1743 sende konstituert stiftsbefalingsmann i Bergen, Jonas Lym, dette brevet med vedlegg til Danske kanselli (regjeringskontoret) i København om at misvekst og uår hadde ført til ein kritisk situasjon for allmugen og presten i Jostedalen. Han bad der om tilslutnad til å sende 200 tønner korn frå Bergen til Jostedalen. Han tykte stoda var så ille at han sjølv hadde sett i verk naudtiltaket, så rolla til kanselliet og kongen i København var i røynda å gje ei godkjenning i ettertid.

Saksmappa i Danske kanselli inneheld brevet frå Lym med seks vedlegg, som til saman utgjer ein særs interessant dokumentasjon om dei store problema i Jostedalen. Medrekna kanselliet si tilråding til kongen utgjer materialet 22 handskrivne sider. Riksarkivet har sendt oss fotokopi av dokumenta, som her er skanna og publiserte. Det er òg lagt ut ei korrekturlesen avskrift av alle dokumenta.

Det var futen i Ytre og Indre Sogn, Ananias Harberg, som fekk ordre om å setje i verk hjelpeaksjonen. I futearkivet finst ei rekkje dokument om saka. Alle dokument som gjeld hjelpeaksjonen og saka om skattefritak frå arkiva til Danske kanselli, Rentekammeret, Stiftamtmannen, Sogn futedøme m.m. er samla i ei eiga avskrift (43 sider).

Avtaksforretningane i tingbøkene har vore mykje siterte og nytta som kjelde av historikarar som har skrive om dei dramatiske 1740-åra i Jostedalen. Me kjenner derimot ikkje til at desse dokumenta har vore nytta. Dei kastar såleis eit nytt og viktig lys over den vesle istida i Jostedalen, særleg når det gjeld korleis allmugen og embetsmennene handla i den vanskelege stoda.

Litteratur

Hoel, Oddmund L. (2013). Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742-43. Heimen (nr. 1), 65-83. [omtale]

| |

Skriv ein kommentar