Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstDen vesle istida

Den vesle istida

Breane voks mykje gjennom 1600-talet og nådde maksimum sist i 1740-åra (Nigardsbreen i 1748) før dei byrja å trekkje seg attende. Dette fekk dramatiske konsekvensar for Jostedalen. Somme gardar vart beint fram øydelagde av breane, og fleire vart skadde av flaum og skred. Heile Jostedalen, og særleg dei fremste grendene, vart råka av det kaldare veret som mange år gjorde at kornet ikkje mogna.

På denne har me samla nokre kjelder om den vesle istida i Jostedalen. Ei hovudkjelde, som òg har vore mykje nytta av historikarar, er tingbøkene. I 1742 var det avtaksforretningar (nedsetjing av skatten) på fem gardar i Jostedalen på grunn av flaum, fjellskred og framrykkinga til breane. Her er det detaljerte skildringar av breveksten.

Dei andre kjeldene frå 1742-43 som me har lagt ut, har til no vore så godt som ukjende og vert her publiserte for fyrste gong.

Det eine er ei sak vinteren og våren 1743 der stiftsamtmannen i Bergen fekk kongeleg godkjenning (Danske kanselli i København) på å sende 200 tønner korn til Jostedalen i rein naudhjelp.

Den andre saka galdt skattefritak for ni gardbrukarar i Krundalen og Mjølverdalen og gjekk til Rentekammeret i København i februar 1743. Særleg interessant er ein supplikk frå dei ni bøndene datert 28.12.1742.

Ein kan lese meir om saka i artikkelen «Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742-43» (2013) som byggjer på dette kjeldetilfanget.

I den topografiske litteraturen er det fleire opplysningar om breveksten. Særleg viktige er:
# Ei skildring av Hans Viingaard (prenta 1762)
# Justedalens kortelige Beskrivelse (1750) av Matthias Foss
# Om Iisbræerne i Justedalen og om Lodalskaabe (1820) av Gottfred Bohr

Det vitskaplege hovudverket om framrykkinga og tilbaketrekkinga til Nigardsbreen og breane i Bergsetdalen er Nussbaumer m.fl. 2011. Dette er ein gjennomgang av alle kjende skriftlege kjelder og historiske bilete av breane.

Litteratur

Nussbaumer, Samuel U., Atle Nesje, og Heinz J.  Zumbühl. (2011). Historical glacier fluctuations of Jostedalsbreen and Folgefonna (southern Norway) reassessed by new pictorial and written evidence. Holocene, s. 455-471.

Hoel, Oddmund L. (2013). Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742-43. Heimen (nr. 1), 65-83. [omtale]

| |

Skriv ein kommentar