Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstDen vesle istidaAvtaksforretningar i Jostedalen (1742)

Avtaksforretningar i Jostedalen (1742)

Tingbokside 1742

pdfDokument om avtaksforretningane 20.-23.8.1742 – avskrift  (25.2.2012)

Bakgrunn og gjennomføring

I dagane 20.-23. august 1742 vart det halde åstads- og avtaksforretning i Jostedalen der naturskadane på fleire gardar skulle dokumenterast og vurderast. Dette skulle danna grunnlaget for skatteavtak (nedsetjing). Det vart halde avtaksforretningar på Ormberg (flaumskade), Åsen (fjellskred), Elvekrok (flaum og breskade), Bergset (breskade) og Mjølver (breskade).

Skatteforordninga for Noreg opna for at eigarar av gardar som var råka av flaum eller fjellskred kunne søkje om å redusert skatten etter ei viss prosedyre, og denne prosedyren vart følgt i saka om jostedalsgardane. Jordeigaren i Jostedalen, den søkkrike Hafslo-presten Christopher Munthe, søkte i eit brev 2.4.1742 stiftsamtmann Jonas Lym om at det vart halde avtaksforretningar for desse gardane. Lym gav ordre til futen om at avtaksforretningane skulle gjennomførast i ein resolusjon 30.4.1742 (både brevet og resolusjonen er med i avskrifta).

På avtaksforretninga møtte futen for Ytre og Indre Sogn, Ananias Harberg, sorenskrivaren for Indre Sogn, Georg B. Jersin, og dei seks lokale synsmennene, som var lagrettemennene Ole Bjørk, Rasmus Kronen, Halvor Espe, Christopher Bakken, Ole Vamberg og Claus Bruheim.

Den andre jordeigaren var enkja Anna Åsen, som ikkje åtte Åsen, men ein part i Mjølver (Bjørkehaugen). Leiglendingane (oppsitjarane) som møtte for retten, var Anders Ormberg, Anna Åsen, Anders Andersson Bergset og Sjur Olson Elvekrok. I Mjølver møtte Lage Andersson Åsen på vegne av mora Anna. På Bergset vitna dessutan Ole Grov. Dei to attverande brukarane på dei tre medfarne bruka i Mjølver ser ikkje ut til å ha møtt sjølv, det var husmannen Knut Mathisen og leiglendingen Ole Ottoson.

Vidare sakshandsaming

Avtaksforretningane vart godkjende på hausttinget for Luster og Jostedalen skipreide 5.-7.11.1742 der det òg vart teke opp eit tingsvitne frå ni gardbrukarar i fremste Jostedalen om sviktande avlingar. Dette var i utgangspunktet ikkje ein del av saka om avtaksforretningane, men vart teke med av futen Harberg då han 6.12.1742 sende heile saka over til stiftsamtmannen (sjå dokumenta i avtaksforretningane). Saka vart motteken av stiftsamtmannen 18.12. og sendt vidare til Rentekammeret 25.12.1742.

Resultat

I Rentekammeret vart saka handsama i lag med ei rekkje andre avtaksforretningar for Bergens stift – i alt 21 gardar. Saksutgreiinga i Rentekammeret er datert 12.9.1743, og den kongelege resolusjonen som godkjende avtaka vart utferda 30.9.1743.

Alle gardane fekk nedsett både landskyld, skatt, leidang og tiende i tråd med konklusjonane i åstadsforretningane. Om me held oss til skatten, vart den sett ned med 25 prosent på Ormberg, 14 prosent i Åsen, 60 prosent på Bergset og 50 prosent i Elvekrok. Skatten for Mjølver vart samla sett ned med 60 prosent. Men her var det tre bruk, og avtaket galdt berre dei to fråflytte bruka. Nigard vart stroken heilt av matrikkelen medan Bjørkehaugen fekk skatten redusert med 78 prosent. Det tredje bruket, Mjølver, vart rekna som uskadd og vart ståande på same skyld som før.

Skatteavtaka var mellombels, men vart ståande heilt til det kom ein heilt ny matrikkel i 1838.

Seinare omtaler og avskrifter

Avtaksforretningane vart førte detaljert inn i tingboka, og dei delane som gjeld Bergset og Mjølver har vore ei hovudkjelde til kunnskapen om framrykkinga til Tuftebreen i Krundalen og Nigardsbreen. Dei vart fyrst refererte av Matthias Foss, som kunne leggja til korleis Nigardsbreen hadde utvikla seg mellom 1742 og 1750.

Fyrste gongen lengre sitat av avtaksforretningane stod på prent, var i artikkelen til Gottfred Bohr i 1820. Også Jon Laberg (1939 og 1944) og T. O. Eide (1955) har lengre sitat frå avtaksforretningane, og det er referata og avskriftene av tingbøkene i desse kjeldene er seinare er nytta i ei rekkje arbeid om breane og den vesle istida i Jostedalen.

Det har likevel mangla ei fullstendig og nøyaktig avskrift av den originale tingboka, og ei slik ligg no føre her (fyrste gong publisert her i november 2010). Ho er gjort etter den originale tingboka, med eit sideblikk til tidlegare avskrifter.

Heilt nytt her er dei andre dokumenta i saka. Det vil seie brevet og resolusjonen som låg til grunn for avtaksforretningane, tingsvitnet frå november 1742, oversendingbrevet til futen og saksdokumenta frå Rentekammeret (sjå avskrifta).

I kjølvatnet av avtaksforretningane kom det opp to andre nærskylde saker:
# Sak om skattefritak for ni bønder i Krundalen og Mjølverdalen (1742-43)
# Sak om naudhjelp til Jostedalen (1743)

Kjelder og litteratur

Tingbok nr. 34, fol.  153a ff (skanna original, Arkivverket)

Bohr, Gottfred. (1820). Om Iisbræerne i Justedalen og om Lodalskaabe. Særtrykk av Blandinger, eller Læsning for begge Kjön. Et Hæfteskrift. Christiania. [fulltekst]

Eide, T. O. (1955). Breden og bygda. Norveg. Tidskrift for folkelivsgransking, side 21-23. [fulltekst] (den mest omfattande omtala av avtaksforretningane)

Hoel, Oddmund L. (2013). Offentlege krisetiltak i Jostedalen 1742-43. Heimen (nr. 1), 65-83. [omtale]

| |

Skriv ein kommentar