Main menu:

Du er her: Heim > Jostedalen fram til 1500-talet

Jostedalen fram til 1500-talet

Den noverande busetnaden i Jostedalen kan følgjast attover til slutten av 1500-talet. I ein lengre periode, truleg frå 13- eller 1400-talet til midten av 1500-talet, låg bygda øyde som følgje av den dramatiske folketalsnedgangen i heile Noreg (og Europa) etter den store mannedauden 1349. Dette danna opphavet til den kjende segna om Jostedalsrypa. Den fyrste skriftlege kjelda etter øydetida der Jostedalen er nemnd, er presteskattelista frå 1596.

Tida før 1500 er kjeldefattig. Det finst berre tre skriftlege kjelder som nemner Jostedalen, alle frå 1300-talet. Desse tre kjeldene er presenterte her (sjå menyen til høgre).

Ut over dette er det berre fysiske spor som kan seie noko om busetnaden i mellomalderen og førhistorisk tid, og dei fell i to grupper:

1) Gamle bygningsdelar i kyrkja. Det er sikkert at Jostedalen var kyrkjestad i mellomalderen, og det har sidan 2009 vorte arbeidd for å finne ut om det kan vere gjenbrukte materialar i kyrkja frå ei mellomalderstavkyrkje. Les meir om Stavkyrkja i mellomalderen (under Kyrkjesoge).

2) Ei rekkje arkeologiske granskingar som har dokumentert menneskeleg aktivitet i Jostedalen frå fleire tusen år før vår tidsrekning til seinmellomalderen. Desse granskingane er presenterte her (sjå menyen til høgre).

Skriv Skriv | Send |

Skriv ein kommentar