Main menu:

Du er her: Heim > Skred, flaumar og brevekst > Flaumar

Flaumar

Jostedalen har jamleg vore heimsøkt av skadeflaumar. Dei to største flaumane i nyare tid var i 1979 og 1898, båe på 15. august! Flaumen i 1979 var ein “200-årsflaum”, og vatnet stod 1,35 m høgare enn det gamle flaummerket frå 1898 i Fossøyane.

Om desse to flaumane, sjå artikkelen Flaummerke i Jostedalen (Fylkesarkivet).
Om flaumfaren i Jostedalen i dag, sjå flaumsonekart og rapport (2004) hjå NVE.

1979-flaumen
Ingen liv gjekk tapt, men dei materielle øydeleggingane var svært store, og Jostedalen var isolert i to veker. Sjå omtale hjå NRK Sogn og Fjordane.

1898-flaumen
Vatnet stod ikkje like høgt som i 1979, og heller ikkje her gjekk liv tapt, men verknadene for Jostedalssamfunnet var langt meir dramatiske. Ei rad husstandar i dei nedre delane av bygda miste levebrødet sitt, og i Oslo kom det i stand ein rein naudhjelpsaksjon. I menyen til høgre finn du eit avisinnlegg av presten på den tida, Theodor Børresen. Dette gjev både mange opplysningar om flaumen og skadane, og dessutan eit inntrykk av den fortvilte situasjonen mange kom i. Det var etter 1898-flaumen at arbeidet med elveførebygging for alvor kom i gang.

Skriv Skriv | Send |

Skriv ein kommentar