Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstSkredulukkerSnøskred i Li 1868

Snøskred i Li 1868

Kyrkjeboka for Jostedalen fortel at to små gutar, innerstborna Lars Tøgersen (4 år) og Ole Tøgersen (7 månader) var «Omkomne i en Sneeskred.» Dei døydde 6. februar 1868 og vart gravlagde 25. februar (jordfesta 8. mars).

Ein kan såleis gå ut ifrå at 6. februar òg er datoen for snøskredet som råka Tøgeplassen under Li der dei to gutane budde. Faren Tøger Larsson (1834-1936) frå Horpen i Fåberg og kona Kari Olsdotter frå Brænna under Bergset hadde året før (1867) gått i gang med å rydde plassen rett fram for hovudtunet i Li. Lars Øyane skriv i bygdeboka at «det vert fortalt at dei to borni hans miste livet då pipa datt over dei» (Øyane 1994, s. 682). Det er uvisst om det finst skriftlege kjelder som underbyggjer denne munnlege tradisjonen om dødsårsaka. Etter ulukka vart Tøgeplassen lagt ned. Tøger og kona hans vart fyrst husmannsfolk i Vigdalen og (frå 1874) på Kilen i Dalsdalen i Luster.

Også stovehuset på hovudbruket i Li fekk merke snøskredet. Stovehuset skal ha vorte flytt vel ein halv meter utan at det er opplysningar om at nokon kom til skade. Seinare laga dei seg tilfluktsrom på garden. Kring 1880 vart det mura opp ein solid fonnkjellar attmed ein stor stein 15 meter ovanfor stovehuset (Øyane 1994, s. 664).

1868 var ein av dei verste skredvintrane ein kjenner til i Vest- og Midt-Noreg. Det gjekk ulukkesskreder frå Røldal i Hordaland i sør til Oppdal i Sør-Trøndelag i nord. Det totale omfanget av ulukkesskreda er framleis ukjend, men minst 161 menneske omkom i ulike skredulukker (Furseth 2006, s. 110). Dei fyrste skadeskreda gjekk 6. februar (Røldal, Storfjorden på Sunnmøre og fleire hus i Sogn) (Kristensen 1998, s. 11). Tøgeplassen vart altså teken på den fyrste store skreddagen.

I 1846 vart ein annan husmannsplass under Li, Leteigen, heilt øydelagd av snøskred.

Litteratur

Om Tøger Larsson Kilen, Li, Tøgeplassen og Leteigen i lokalhistoriewiki. 

Furseth, Astor. (2006). Skredulykker i Norge. Oslo: Tun.

Kristensen, Krister. (1999). Skredvinteren 1868 i Stryn. Semesteroppgåve i Lokalhistorie. Sogndal: Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune.  (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.

| |

Skriv ein kommentar