Main menu:

Du er her: Heim > 1814, 1905, val og folkerøystingar > Stortingsval > Valmenn frå Jostedalen 1814-1830

Valmenn frå Jostedalen 1814-1830

Grunnlova slo fast at prestegjeld med under 100 røysteføre skulle velje ein valmann til distriktsforsamlinga for Nordre Bergenhus amt. Her vart så stortingsrepresentantane frå amtet valde mellom valmennene. Her følgjer eit oversyn over valmenn frå Jostedalen, førebels frå 1814 til 1830.

Riksforsamlinga våren 1814
Sjå eiga side.

Det omframme Stortinget hausten 1814
Valet i Jostedalen var 18. september 1814:

De Stemmeberettigede valgte Rasmus Hansen Heljegaard til at møde som Repræsentant paa Wigøren i Anledning af et extraordinairt Storthing, som skulde holdes d. 7d October i Christiania. (Ministerialbok, s. 21)

Distriktsforsamlinga var i Vik 23.9.1814, og Stortinget kom saman i Kristiania 7.10.

Det 1. ordinære Stortinget 1815

Fra Justedahls Præstegield møtte Ingen. (Valprotokoll, s. 2a)

Det er heller ikkje spor etter val i kyrkjeboka. Distriktsforsamlinga var i Eivindvik 18.1.1815. Stortinget kom saman i Kristiania 1.7.1815.

Det 2. ordinære Stortinget 1818
Valet i Jostedalen var 10. august 1817:

Afholdte Valgforsamling efter Amtets Ordre i Anledning af det andet ordentlige Storting, som næstkommende Februari Maaned skal holdes i Christiania. Gaardmand Lars Olsen Øvre Faaberg valgtes til virkelig Repræsentant og Gaardmand Anders Ottesen Grov til Reserve. (Ministerialbok, s. 26b)

Distriktsforsamlinga var på Sauesund i Askvoll 22.9.1817:

Justedahl – Lars Olsen Faaberg – [røysta på:] Major Holck, Lars Tingnæs, Lars Christensen Ous, Reserve: Ole Svanøe, Jørgen Flickie, Absalon Wereide. (Valprotokoll, s. 5b)

Dette er det einaste valet der protokollen opplyser kven som røystsa på kva. Lars Fåberg røysta på dei seks som vart valde med unntak av Lars Ous, som ikkje vart vald. Amtmann Falsen vart i staden vald, men fekk valet underkjend då han møtte på Stortinget som kom saman 2.2.1818.

Det 3. ordinære Stortinget 1821
(og det 2. omframme Stortinget 1822)

Valet i Jostedalen var 21. mai 1820:

Til at reise til Amtsforsamlingen der skal afholdes i Sommer, valgtes efter de fleste Stemmer Gaardmand Paul Ottesen Mielvær til Virkelig Valgmand og Gaardmand Rasmus Larsen Nedre Faaberg til Reserve. (Ministerialbok, s. 29b)

Distriktsforsamlinga var på Tross i Dale i Sunnfjord 22.7.1820. Stortinget kom saman 1.2.1821, og det omframme Stortinget kom saman 16.9.1822.

Det 4. ordinære Stortinget 1824

Klokker Johannes Asbiørnsen var valmann.

Distriksforsamlinga var på Sauesund i Askvoll 13.10.1823. Stortinget kom saman 2.2.1824.

Det 5. ordinære Stortinget 1827
(og det 3. omframme Stortinget 1828)

Klokker Johannes Asbjørnsen var valmann.

Distriktsforsamlinga var på Dross i Dale, Sunnfjord, 30.8.1826. Stortinget kom saman 1.2.1827, og omframmstortinget kom saman 16.4.1828.

Det 6. ordinære Stortinget 1830

Valet i Jostedalen vart halde 20.9.1829.

Valmann: Gaardmand Anders Andersen Ormberg – 8 stemmer
Suppleant: Gaardmand Poul Ottesen Mielvær - 6 stemmer

Distriktsforsamlinga var på Tross i Dale, Sunnfjord, 30.9.1829. Stortinget kom saman 1.2.1830.

Kjelde

Ministerialbok for Jostedalen 1807-1837. (Digital utgåve, Digitalarkivet)

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Valprotokoll 1815-1825 (Statsarkivet)

Forhandlingsdokumenter fra høsten 1814, 2. Bilag 1-301 til Stortingets forhandlingsprotokoll, Bilag 4 (Nordre Bergenhus amt), stortinget.no.

| |

Kommentarar

Kommentar frå kjetil
Tid: 7. september 2011, 18:25

ka valmann e`?

Kommentar frå Oddmund
Tid: 19. september 2011, 19:39

Då det var indirekte val, røysta ikkje veljarane på stortingskandidatar direkte, men på personar frå sitt eige prestegjeld (=valmenn). Så møttest valmennene frå heile fylket og valde stortingsrepresentantane. Nett som presidentvalet i USA i dag.

Skriv ein kommentar