Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Litteratur om FossManuskriptet til ”Justedalens kortelige beskrivelse” har dukka opp (2005)

Manuskriptet til ”Justedalens kortelige beskrivelse” har dukka opp (2005)

[Frå Jostedal skule- og bygdeavis, 2005]

Av Oddmund L. Hoel

Jostedalen kan vere glad for å ha ei av dei eldste skildringane av eit bygdelag, skriven av presten Matthias Foss i 1750. ”Justedalens kortelige beskrivelse” er mykje sitert og omtalt, og ho vart prenta i Lokalhistorisk årbok for Luster i 1995 og har lege på nettstaden til Jostedal historielag sidan 2002.

Foss døydde i 1892, og skildringa stod fyrste gongen på prent i 1802 i Magazin for Danmarks og Norges topographiske, oekonomiske og statistiske Beskrivelse (band 2), utgjeve i København. Den norske juristen og embetsmannen Jens Christian Berg klargjorde den gongen manuskriptet for prenting og opplyste i føreordet at Foss hadde sendt skildringa til biskop Erik Pontoppidan i Bergen. Berg skreiv òg at han korta ned manuskriptet ein god del før prentinga.

Slikt kan ein bli nyfiken av, men finst originalmanuskriptet framleis? Spørsmål til Nasjonalbiblioteket i Oslo og Riksarkivet gav ikkje resultat. Ein e-post til Det Kongelige Bibliotek i København gav derimot fullklaff, og eit par veker seinare kom ein kopi av manuskriptet i posten.

For svært spesielt interesserte kan kan det opplysast at manuskriptet må ha fylgt denne vegen frå Prestegarden til Det Kgl. Bibliotek: Foss sende skildringa si til Pontoppidan, som tok ho med til København då han forlet Bergen i 1754. Den danske statsmannen og bok- og manuskriptsamlaren Otto Thott (1703-1785) overtok seinare manuskriptet til Foss saman ei rad andre manuskript i Pontoppidan si samling. Thott testamenterte samlinga si til Det Kgl. Bibliotek i København, og i 1795 vart det gjeve ut ein katalog over manuskripta (Index Codicum Manuscriptorum) som no ligg på nettsida til biblioteket.

For den som har god tid og interesse for snirklete 1700-talshandskrift, er det no altså klart for å gå gjennom 25 tettskrivne sider og finne ut kva J.C. Berg strauk då han prenta Jostedals-skildringa til Foss.

Oppdatering 15.2.2010: Les originalmanuskriptet her

| |

Skriv ein kommentar