Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarSkattelister og matriklarMatrikkelen 1666

Matrikkelen 1666

Matrikkelhovud 1664Matrikkelen frå 1660-åra er så langt ikkje lagt ut i Digitalarkivet. Her har me difor lagt ut ein dårleg kopi av originalen for Jostedalen basert på foto av mikrofilmutgåva. I tillegg har me lagt ut ei ny avskrift.

Matrikkelen inneheld dei fyrste samla opplysningane ein har om jordbruksproduksjonen i Jostedalen, rekna i storfe, hestar og utsæd korn på kvar gard, attåt nokre fleire opplysningar om ressursar som låg til gardane.

Matrikkelen er ikkje datert. Det vart gjeve ordre om å utarbeide matriklane i 1665, og 1666 er ofte nytta som årstal.

Styresmaktene laga ein ny matrikkel i 1723, men den vart ikkje gjort gjeldande anna enn for bruk som tidlegare ikkje var matrikulerte. I Jostedalen galdt dette berre Prestegarden. Matrikkelen frå 1838 avløyste 1666-matrikkelen, og det var i mellomtida berre gjort endringar for fem gardar: Ormberg, Åsen, Bergset, Elvekrok og Mjølver som alle fekk nedsett skylda med avtaksforretningane i 1742.

Matrikkelen 1666 for Jostedalen (avskrift) (pdf)
Matrikkelen 1666 for Jostedalen (skanna original) (pdf)

 

| |

Skriv ein kommentar