Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstDen vesle istidaSkade av breen i Mjølver (1723)

Skade av breen i Mjølver (1723)

I 1723 vart det laga ein ny matrikkel som aldri vart teken i bruk. I førearbeidet vart opplysningar om alle gardar samla inn, og i eksaminasjonsprotokollen for Jostedal skipreide står den eldste kjende opplysninga om at Nigardsbreen hadde øydelagt delar av Mjølver.

Avskrift

Nr. 18 Nedre Mildver (…) Aftaget:
Denne gaard ligger under Sneebreen eller Jisfieldet, som er u-foranderl: alle aaringer, udj henseende till dend Ruin, som dend Skade gaarden derved tilføyes, Eftersom samme Jisfield aarl: forøges frem Voxer og fremskyder sig alt dybere og dybere ofver gaardens tilliggende marcher, og kand formedelst kulden udaf samme Jisfield, ingen sæd voxe, huorfore dend aftoeges — 12 mark

Kjelde

Digitalarkivet: Sogn og Fjordane fylke, Ytre og Indre Sogn, Matrikkel, Eksaminasjonsprotokoll 1723, side  128-129. [fullstendig avskrift]

Merknad

Denne kjelda om framrykkinga til breen har vore ukjent, og tidlegare framstillingar har rekna tingsvitnet frå 1735 som det fyrste vitnemålet om framrykkinga til Nigardsbreen. «Nedre Mildver» er Nigard som vart fråflytt i 1738, stroken av matrikkelen i 1742 og fekk tunet øydelagt av breen i 1743.

| |

Skriv ein kommentar