Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Kjelder av og om FossPrestetilskot frå Voss (1751)

Prestetilskot frå Voss (1751)

Biskop Erik Pontoppidan ordna det i 1751 slik at sokneprestembetet i Jostedalen skulle få 40 riksdalar i tilskot frå det langt meir inntektsbringande sokneprestembetet på Voss. Dermed kom han klagemåla frå Matthias Foss i møte eit stykke på veg:

Avskrift

Velærværdige Hr Pastor!

At Hans Konglelige Mayestet ved den Wosise Sogne-Kald, formedelst Hr Johan Chr: Haari dødelige Afgang forefaldne vacance, allernaadigst haver tillagt Eders Velærværdigste en aarlig pension af samme Kald paa 50 Rixdaler skrives Halvtrediesindstive Rigsdaler, hvilken tager sin Begyndelse fra den Tid bemeldte Hr. Haari Successor tiltræde Kaldets Indkomster alene; sligt har jeg ikke villet efterlade Eders Velærværdighed hermed at tilkjendegive, og haaber da dermed lader sig destomere opmuntre til Flid og Troeskab i Herrens Gjerning, hvortil jeg ønsker dem særdeles Naade og Velsignelse, forblivende Eders

Bergen, den 7 July 1751.

Velærværdigheds tjenstberedvilligste
E. Pontoppidan

Til Hr Matthias Foss i Justedahl

Kjelde

Avskrift etter kallsboka for Jostedal sokneprestembete, blad 95A, der ei avskrift av dokumentet vart innteke kring 1830.

Merknad

Pontoppidan hadde under visitasen for Jostedalen og Luster i Dale i august 1749 lova Foss «at giøre mit beste til hands Indkomsters Forbedring» (visitasberetninga). Dei samla inntektene til prestekallet i Jostedalen var på dette tidspunktet berre 60-70 riksdalar årleg.

Det opna seg eit høve då soknepresten i Voss, Johan Chr. Haar, døydde. Pontoppidan sytte då for at Voss sokneprestembete vart pålagt å gje eit årleg tilskot til Jostedal sokneprestembete. Tilskotet vart etter denne avskrifta sett til 50 rdl. Seinare vart det sett ned til 40 rdl, som det var på 1800-talet. I 1846 var Jostedalen det einaste prestekallet i heile Bergen stift som mottok eit slikt tilskot frå eit anna prestekall. I 1868 vart tilskotsplikta overført frå Voss sokneprestembete til Kyrkjedepartementet.

Litteratur

Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, side 184-187 (digital utgåve)

| |

Skriv ein kommentar