Main menu:

Undersider for Folk, gardar og stølar:

Du er her: Folk, gardar og stølarHøyrde Jostedalen til Luster eller Hafslo etter nyryddinga?

Høyrde Jostedalen til Luster eller Hafslo etter nyryddinga?

(Artikkel i Jostedal skule- og bygdeavis 2012, s. 107-110, spalta «Siste nytt frå 1600-talet», digital versjon med peikarar.)

Av Oddmund L. Hoel

Ein gong i andre halvdel av 1500-talet fekk øydebygda Jostedalen ny busetnad. Fram til noko ut på 1600-talet låg Jostedalen administrativt under ei av grannebygdene, men i jubileumsboka om kyrkja (2010) kom me ikkje lenger enn til å oppsummere at Jostedalen har høyrt til både Luster og Hafslo, og at kjeldene er få og sprikjande.

I JSA i fjor hadde eg eit lite stykke om kjeldene som dokumenterer at Jostedalen var eit annekssokn under Hafslo prestegjeld 1615–19. Eg meinte der at Jostedalen tidlegare hadde lege under Luster prestegjeld den gongen Luster var eit eige len. Her skal me gå gjennom nokre kjende og mindre kjende kjelder som gjev oss nokre fleire haldepunkt og slår i hel noko av det eg hevda i fjor. Dei som er meir interesserte i konklusjonen enn i gjennomgangen av kjeldene, kan hoppe fram til slutten.

Jostedalen under Dale len?

Den mykje omtalte presteskattelista frå ca. 1596 er den fyrste skriftlege kjelda etter øydetida som nemner Jostedalen. Her er det snakk om eit ”Jøstedals copell” utan at det går fram kva prestegjeld dette kapellet høyrde til. Så finn me opplysningar om Jostedalen i futerekneskapane for Sogn frå 1597, 1600, 1603 og deretter årvisst frå 1611. I desse skattelistene står Jostedalen anten oppført åleine eller under Marifjøra skipreide (skattedistrikt). I den grad Luster er med i listene, er Jostedalen aldri oppført under eller i tilknyting til Luster (sjå dei originale skattelistene).

Luster var i ei spesiell administrativ stode desse åra. Sogn futedøme høyrde inn under Bergenhus hovudlen som femnde om Sør- og Vestlandet frå Agder til Sunnmøre, pluss Nord-Noreg. Dale (Luster) prestegjeld var mellom 1565 og 1614 derimot eit separat len, uavhengig av Bergenhus og direkte underlagd kongen. Medan Bergenhus (med Sogn) var avgiftslen og lensherren hadde rekneskapsplikt overfor kongen, var Dale eit såkalla tenestelen der lensherren hadde lenet ”kvitt og fritt”. Han hadde altså fått ein rett til å krevje inn alle kongelege skattar og behalde dei sjølv utan å sende inn rekneskap. I arkiva etter det kongelege Rentekammeret i København (no i Riksarkivet) finst difor ingen lensrekneskapar for Dale før 1615.

Dette endra seg då lensherren over Dale, Anders Green, døydde på vårparten 1614. No vart Luster lagt under Bergenhus att, og det skjedde ved at lensherren over Bergenhus fekk lensbrev også på Dale len, som no fekk rekneskapsplikt slik Bergenhus hadde. Lensherre Knut Urne måtte då følgje opp pålegget i lensbrevet om å setje opp ei jordebok og skatterekneskap for Dale len slik at det kongelege Rentekammeret visste kva inntekter som kom herifrå. Me kan såleis rekne med at alle inntekter som låg til det nedlagde Dale len vart teke med i denne jordeboka. Ho finst framleis og vart i 2010–11 lagt ut på internett av Riksarkivet som alle andre skattelister før 1695. I jordeboka for Dale er Jostedalen ikkje nemnd med eit ord, berre sokna Fortun, Dale, Nes og Gaupne. Dette må me ta som ei stadfesting på at Jostedalen iallfall ikkje høyrde til Dale len på dette tidspunktet og truleg aldri hadde gjort det.

Del av Marifjøra skipreide, men Luster prestegjeld?

Grensene for skipreida og prestegjelda var ikkje alltid samanfallande, noko ein ser i området vårt. Hafslo prestegjeld hadde to skipreide, Solvorn og Marifjøra. I den kyrkjelege inndelinga var Gaupne ein del av Luster prestegjeld, men låg under Marifjøra skipreide i lag med sokna Fet og Joranger. Men kongen la likevel Gaupne inn under Dale len i 1568 slik at lenet fall saman med med prestegjeldsgrensene og ikkje dei gamle skipreidegrensene.

Ovanfor har me slege fast, slik Jon Laberg, Alfred Espe og fleire har gjort før, at Jostedalen utan tvil høyrde til Marifjøra skipreide. Like fullt kunne Jostedalen teoretisk ha høyrt til Luster (Dale) prestegjeld. Sjølv om dei fleste skattelistene følgjer skipreideinndelinga, er det nokre skattelister som følgjer prestegjelda. Det gjeld tienda, for det var opphavleg ein kyrkjeskatt som presten, kyrkja og kongen skulle ha ein tredel kvar av. I manntala over kongetienda ser me såleis gjerne at prestegjeldsinndelinga og ikkje skipreideinndelinga ligg til grunn. Difor er det god grunn til å undersøkje tiendmanntala særskilt.

I tiendmanntalet for det nedlagde Dale len for 1615, manglar Jostedalen. Men Jostedalen manglar òg i dei bevarte tiendmanntala for resten av Sogn frå 1607, 1611 og 1614 der dei tiendbetalande bøndene i Sogn futedøme inkludert Hafslo er rekna detaljert opp. Så langt er me altså ikkje komne lenger enn at Jostedalen like godt kan ha vore knytt til Luster som til Hafslo prestegjeld.

Eit halvt sjølvstendig sokn

Noko meir kan me likevel få ut av kjeldene om dette. I presteskattelista frå 1596 heiter det at ingen visse (faste) inntekter enno ”aff Kongelig Mayestet er forordnit” og tillagt kyrkja eller presten i Jostedalen , og såleis ”bekommer huerken kircken eller presten nogen thiende”. Enno betalte jostedølene ikkje kyrkje- og prestetiend, og då truleg heller ikkje kongetiend. Her ligg nok forklaringa på at Jostedalen vantar i tiendmanntala  før 1615.

Dermed vert det fyrste tiendmanntalet som nemner Jostedalen interessant. Og det vart omtala i JSA i fjor – det er frå 1615–16. Her står Jostedalen under Hafslo prestegjeld og vert kalla ”et lidet Annex Liggenndis thill fieldz, Jordene der sammestedzs, for nogen faa Aar sidenn opthagenn aff Øde”. I tiendmanntala for 1616–17, 1617–18 og 1618–19 liknar formuleringane mykje, og Jostedalen står i tilknyting til Hafslo. Formuleringa om at bygda hadde lege øyde inntil for nokre få år sidan, skulle nok i denne samanhengen helst tene som forklaring på at det ikkje var kravd inn tiend i Jostedalen før.

Likevel står ikkje Jostedalen i desse tiendmanntala som eit annekssokn under Hafslo på line med Fet, Joranger og Solvorn. Jostedalen kjem anten etter at Hafslo prestegjeld er summert, eller så står formuleringar som denne: ”Summarum paa forneffnte korenthiende aff Hauffsløffs Prestegield, med Jøstedallenns thiennde, Beløffuer thilsammens …”. Her ser ein såleis det same som i dei andre skattelistene: Jostedalen står i ein slags halvsjølvstendig mellomposisjon. Men i den grad det er tilknyting i noka retning, er det til Marifjøra skipreide og Hafslo prestegjeld, ikkje til Luster.

Eit mellomspel under Luster prestegjeld

Etter 1620 endra dette seg. Kring 1620 vart Mikkel Nilsson prest i Jostedalen, og han var truleg son av sokneprest Nils Mikkelson i Luster. Tiendmanntalet for Sogn frå 1619–20 er tapt, men i manntalet for 1620–21 står det ikkje noko manntal for Jostedalen, berre ein merknad om at ”Huad Jøstedallenns Kornthiende belannger, haffuer Slodtzherrenn undt och beuilget, Prestenn der sammestedtz Her Miekell.” Lensherren over Bergenhus hadde altså fått i stand at kongens del av tienda skulle bli verande i Jostedalen og gå til presten fordi presteinntektene i det vesle prestekallet var så små. Liknande formuleringar står også i dei andre tiendmanntala frå 1620-åra. Me veit ikkje kven av lensherrane som ordna det slik, men det må ha vore Knut Urne (1615–19) eller Knut Gyldenstjerne (1619–27).

I Mikkel Nilsson si prestetid kom det òg ei endring i den administrative tilknytinga. Den fyrste kjelda som omtalar dette, er tidlegare ukjend i litteraturen om jostedalshistoria. Det er eit oversyn over kyrkje- og presteinntekter i Bergenhus len 1624–26 som ligg i arkivet etter den norske statthaldaren på Akershus. På oppmoding la Riksarkivet ut dette på nettet i august, og her var det fleire interessante opplysningar om Jostedalen. Når dei sju prestegjelda i Sogn vert lista opp, er nr. 3 på lista: ”Lyster: — Lyster dall, eller Josterdals Capell.” Jostedalen vart altså omtala som eit kapellani under Luster. Dette førte likevel aldri til at Jostedalen kom inn i skatterekneskapane for Dale (Luster) prestegjeld. Sjølv om Dale len vart lagt inn under Bergenhus i 1614, vart det nemleg levert eigne skatterekneskapar for Dale prestegjeld til sist i 1630-åra. Då kom også Luster inn i futerekneskapane for Sogn. Dette vil seie at tilknytinga til Luster var ei reint kyrkjeleg sak som ikkje galdt nokon del av skatteinnkrevjinga.

I tiendmanntalet for Sogn 1631–32 vantar Jostedalen heilt, så me kan rekne med at kongetienda framleis gjekk til presten Mikkel. Men året etter var det slutt på den moroa. I tiendmanntalet for 1632–33 dukkar Jostedalen opp, og jostedalsbøndene betalte no kongetiend på line med dei andre bøndene i Sogn. ”Jøstedallenn” står no som ei eiga oppføring, etter at Hafslo prestegjeld med annekssokn er ferdig opplista og summert, så her er det ikkje lenger noka Hafslo-tilknyting å sjå.

Tvert om vert Luster-tilknytinga frå 1624–26 gjenteke i eit anna dokument frå 1632. Lensherre Jens Juel på Bergenhus utferda 6. september 1632 eit påbod om å føre rekneskapsprotokoll for kyrkjene i Luster prestegjeld (ein kyrkjestol), og i brevet heiter det at attåt Dale hovudkyrkje skulle ”dess underligendis Annexer Namlig Ness, Forthun, Gupne och Justedall” vere med. Kyrkjerekneskapane for Jostedalen er såleis å finne i kyrkjestolen for Luster heilt fram til 1674. Det er vel ikkje urimeleg om tilknytinga til Luster prestegjeld hadde å gjere med at jostedalspresten var son av lustrapresten (om det då stemmer).

Denne lause formelle tilknytinga til Luster prestegjeld vart berre eit kort mellomspel. Etter 1632 har eg heller ikkje sett kjelder som har omtala Jostedalen som eit annekssokn under Luster, så Jostedalen må ha vorte rekna som eit eige prestegjeld alt under presten Otto Ravn (ca 1635–ca 1652), og slik vart det verande. Initiativ frå sokneprestane kring 1637 og i 1743 om å slå saman Gaupne og Jostedalen til eit nytt prestegjeld med Gaupne som hovudsokn, førte aldri fram. Jostedalen vart verande eit eige prestegjeld, det ringaste i landet, og difor vart Jostedalen ein eigen kommune i 1837/38 då prestegjeldsinndelinga vart lagd til grunn for kommuneinndelinga.

Lausrivinga frå Marifjøra

Stoda under Marifjøra skipreide vart meir og meir sjølvstendig tidleg på 1600-talet, noko som kjem til uttrykk i vaklande nemningsbruk i skattelistene. Av og til er Jostedalen opprekna og summert under Marifjøra (men alltid med eiga overskrift), av og til summert for seg. Når jostedøler er nemnde i lag med hafslobygdingar, til dømes i tingsvitne som dokumenterte dårleg skatteevne (fleire frå kring 1630, kring 1648 og 1650-åra), vert det alltid presisert kven som er frå Jostedalen medan det aldri vert presisert kva sokn hafslobygdingane kjem frå. Jostedalen hadde òg eigen lensmann, seinast frå kring 1610 (Knut Åsen) og var ikkje underlagd lensmannen i Marifjøra.

Bygdetinget var det offentlege sentrumet for lokalsamfunnet frå mellomalderen og fram til 1800-talet, og i Sogn var det gjerne tingsamlingar tre gonger i året – vår, sommar og haust. Her vart det dømd i straffesaker og i sivile tvistemål, kjøps- og leigekontraktar vart tinglyste, forordningar og påbod vart kunngjorde og skattane betalte. Ein fest eller to kunne det nok òg bli.

Rettsdistriktet for bygdetinget, tinglaget, fall på Vestlandet i regelen saman med skipreidegrensene. Me ser av rettsdokumenta at jostedølene møtte på tinget for Marifjøra skipreide iallfall fram til tidleg i 1660-åra. Eg har berre sett to døme på at det vart halde separate ting for jostedølene: I Åsen 5. juni 1667 og på Flahamar (futegarden) 19. mars 1674. Det finst sikkert fleire døme, men det rokkar ikkje ved at dette må ha vore reine unntak. Det var såleis på bygdetinget det administrative hopehavet med grannebygdene var sterkast, og Jostedalen kan knapt kallast eit sjølvstendig tinglag gjennom desse hundreåra.

Ein gong mellom 1660 og 1680 skjedde ei endring. Seinast frå og med 1680, truleg før, byrja Jostedal skipreide å ha felles tingsamlingar med Luster skipreide på tingstova i Dale, og ikkje i lag med Marifjøra. Med dette var dei siste administrative banda til Marifjøra/Hafslo løyste.

I praksis sjølvstendig

Korleis kan me så oppsummere dette? For det fyrste finst ingen opplysningar som tyder på at Jostedalen nokon gong høyrde til Dale len (1656-1614). Då ”Dals skiprede” vart utskilt frå Sogn futedøme og Bergenhus len i 1565, budde det neppe folk i Jostedalen. Øydebygder var kongeleg eigedom, og gjenryddinga av dalen skjedde neppe under lensherren i Dale, men under futen i Sogn som var underlagd lensherren på Bergenhus.

Dinest kan me stadfeste dei tidlegare framstillingane som har slege fast at Jostedalen var ein del av Marifjøra skipreide og ikkje Dale/Luster skipreide. Som skattedistrikt vart Jostedal skipreide ei fast eining i løpet av fyrste halvdel av 1600-talet, og ein gong før 1680 var hopehavet med Marifjøra definitivt over då Jostedal skipreide byrja å ha felles ting med Luster skipreide. Men her må det leggjast til at Marifjøra heldt fram som ein viktig, og kanskje den viktigaste handelsstaden for jostedølene sjølv om tingstaden vart flytt.

Dette rokkar òg ved ei anna vanleg oppfatning: At jostedølene sin kontakt med fjordbygdene primært gjekk over Vigdalen mot Dale. Gjennomgangen ovanfor tyder ikkje på det. Tvert om ser Marifjøra ut til å ha vore det klart viktigaste sentrumet for jostedølene, iallfall det fyrste hundreåret etter nyryddinga.

Men alt i alt kan me slå fast at det administrative hopehavet med grannebygdene var heller laust. Det er nok ein viktig grunn til at den administrative tilknytinga verkar flytande og er noko vanskeleg å få taket på. Me kan tenkje oss fleire grunnar til det. Jostedalen var isolert frå dei andre bygdene og utgjorde nok tvillaust eit eige fellesskap og vart handsama som det. Heile bygda var dessutan i same situasjon som nyryddingsbygd, i motsetnad til andre sokn som Gaupne der nyryddingsgardane (som Leirdalen og Leirmo) kom attåt gamle og velståande gardar.

Dei økonomiske realitetane var òg slik at Jostedalen var ei fattig bygd med få bønder og små ressursar. Tydelegast er det når det gjeld den kyrkjelege organiseringa. Jostedalen vart kalla annekssokn, fyrst med ei noko uklår tilknyting til Hafslo og seinare (frå 1620-åra) under Luster, men i realiteten var Jostedalen heile tida eit eige prestekall. Bygda hadde eigen prest, i motsetnad til andre annekssokn, og dei vanlege visse (faste) og uvisse (varierande) inntektene som låg til prestekalla var ikkje nok til å halde liv i jostedalspresten. Difor måtte han subsidierast, ein periode med kongetienda frå Jostedalen, og permanent (frå før 1620) med korn frå dei andre kyrkjene i Sogn. Det seier seg då sjølv at det ikkje var noko å hente økonomisk for sokneprestane i Luster eller Hafslo på å underleggje seg Jostedalen, tvert om. Med andre ord: Jostedalen var ikkje noko å ha.

 

Kjelder

Artikkelen byggjer hovudsakleg på opplysningar i skattelister, tingbøker og andre rettsdokument (sjå peikarar i teksten).

| |

Skriv ein kommentar