Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)Kjelder av og om FossSakene på bygdetinget (1744-1747)

Sakene på bygdetinget (1744-1747)

Biskop Ole Tidemand klaga etter visitasen i 1755 over dei mange «Misforstaaelser, der have udbrudt til offentlige Trætter og Processer for baade verdslige og geistlige Retter» mellom Matthias Foss og allmugen i Jostedalen.

Foss reiste fleire saker mot jostedøler på tinget for Jostedalen og Luster skipreider i åra etter at han kom til bygda. Dei kan fylgjast i tingbøkene for Indre Sogn. Sakene må sjåast i samanheng med prosterettssakene, og hovudmotstandarane til Foss var dei fremste bondeslektene i bygda. Det finst ikkje eit like godt oversyn over desse saken som for sakene i prosteretten, men her fylgjer dei viktigaste sakene fram til 1747. Etter dette gjekk nok konfliktnivået ned. For åra 1748–49 ser det ikkje ut til å ha vore nokon saker på tinget der Foss var involvert. Tingbøkene frå og med 1750 er så langt ikkje undersøkte.

Sak mot Ole Asbjørnsen Myklemyr 1744-45

På hausttinget 5.–7.11.1744 stemnde Foss soldaten Ole Asbjørsen Nedre-Myklemyr for å ha halde seg borte frå nattverd meir enn halvtanna år og for å ha kalla Foss ein «u-agtende Mand» i Prestegarden 23. februar same år. Konfrontasjonen hang òg saman med ein strid mellom Ole Asbjørnsen og foreldra der Ole ikkje ville gje dei kårbrev etter å ha overteke garden på grunn av flaumskade.

Kjelde: Indre Sogn sorenskriveri, tingbok I A 35 (1743–1748), side 116a–121b [skanna utgåve, Digitalarkivet]

Legemålssak mot Ole Andersson Åsen og Marta Olsdotter Grov 1744-46

Marta Grov og Ole Åsen fekk 12. juni 1744 eit barn utanfor ekteskap. Marta var dotter av klokkar Ole Grov medan Ole var son av tidlegare lensmann Anders Åsen. Rett etter fødselen melde Foss dei til prosten og futen for ulovleg legemål. Dei hadde både brote forbodet om seksuell omgang utanfor ekteskap og forbodet mot seksuell omgang i forbodne slektsledd (nærare enn tremenningar).

Nokre av handlemåtane til Foss i saka vart grunnlag for fleire klagemål som jostedølene reiste for prosteretten sommaren 1745. Straffesaka om legemålet vart derimot reist av påtalemakta (futen) på det ordinære bygdetinget og kom fyrste gong opp på hausttinget 5.-7.11.1744. Ole og Marta kom seg ut av straffesaka ved å gifte seg i april 1746 etter å ha gredd å trenere ho slik at rettsforhandlingane aldri kom så langt at saka vart teken opp til doms. To komplikasjonar var at Ole hadde ein dom frå ei tidlegare leigarmålssak som måtte gjerast opp, og at Ole og Marta trong kongeleg løyve til giftarmål i forbodne slektsledd.

Saka forsterka motsetnadstilhøvet mellom Foss og dei leiande slektene i bondesamfunnet i Jostedalen. Foss måtte hausten 1746 jamvel godta at prosten utnemnde Ole Åsen til å fungere i klokkarembetet då svigerfaren Ole Grov ville gå av. Rett nok vart det likevel ikkje til at Ole Grov gjekk av. Han var framleis klokkar i 1749, og Ole Åsen overtok nok ikkje før i 1750-åra. I 1751 vart Ole Åsen òg kyrkjeeigar då han kjøpte Jostedal kyrkje saman to andre jostedalsbønder.

Kjelder:

  • Indre Sogn sorenskriveri, tingbok I A 35 (1743–1748), side 121b–122a, 149a–150a, 175a, 209b–210b [skanna utgåve, Digitalarkivet]
  • Jostedal sokneprestembete, kyrkjebok A1 (1733–1751), side 25a, 27b–28a, 30a [avskrift]
  • Indre Sogn prosti, justisprotokoll 1, side 107a–107b [sjå omtale, ikkje på nett]
  • Riksarkivet, Danske kanselli: (1) Norske Tegnelser 1744-1746 s. 253a-254a, kongebrev om ettergjeving av straff, og (2) Norske Registre 1743-1744 s. 709, kongebrev med ekteskapsløyve, båe dagsette 9.10.1744
  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), side 49 [digital utgåve]

Saker om kyrkjeforsøming 1746–47

Foss melde i 1746 og 1747 fleire jostedøler for kyrkjeforsøming. Den fyrste saka kom opp på tinget 26. oktober 1746. Nokre av sakene enda med frifinningar medan andre førte til domfellingar, som gjekk ut på at dei domfelte måtte betale nokre skilling til skulekassa i prestegjeldet. I oktober 1747 vart òg lensmann Tøger Snøtun og to av sønene hans stemnde for tinget for kyrkjeforsøming utan at det ser ut til at saka vart fylgd opp.

Kjelde: Indre Sogn sorenskriveri, tingbok I A 35 (1743–1748), side 246a–246b, 258b–260a, 271a [skanna utgåve, Digitalarkivet]

| |

Skriv ein kommentar