Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstFlaumarFlaumen i 1741

Flaumen i 1741

Den fyrste flaumen i Jostedøla som er nokonlunde godt dokumentert, var sommaren 1741. Flaumen er kjend fordi flaumskaden på Ormberg vart dokumentert i ei synsforretning året etter.

Tidspunkt

Det finst ikkje nøyaktige opplysningar om tidspunktet, men flaumen må ha vore i juli eller mest sannsynleg byrjinga av august. Jostedalen var utan fast prest på den tida, og Leikanger-kapellanen Gjert Geelmuyden vikarierte. Han hadde vore i Jostedalen 2. juli 1741 utan å ha notert seg noko spesielt i kyrkjeboka. Derimot fekk han problem neste gong han skulle til Jostedalen: «Dominicus XI post Trinitatis [=13. august] kom jeg til Rønne men kunde icke komme op i Dahlen thi Elven havde brødt ud alle veje.» Flaumen var altså så tett innpå 13. august at bøndene ikkje hadde nådd å setje i stand vegen og bruene mellom Røneid og Jostedal kyrkje att, iallfall ikkje i ein slik stand at Geelmuyden ville halde fram turen.

Det var sommarting på Dalsøyri 7.-9. august, og der møtte både lensmann Tøger Snøtun og fleire («nærværende Almue af Jøstedalen»). Flaumen er ikkje nemnd i tingboka, noko det heller ikkje var grunn til, men ein kunne kanskje venta at fleire jostedøler heldt seg heime om det nettopp hadde vore ein stor skadeflaum å rydde opp etter. Dette kan tyde på at flaumen var etter 6.-7. august då dei drog til tinget og før 13. august, men det kan òg ha vore tidlegare.

Flaumskadar

Flaumskaden på Ormberg førte til ei synsforretning (avtaksforretning) som vart halden  20. august 1742. Det går fram av rettsdokumentet at «Elven paa een del gaardens Huuse hafed gaaet 3 omfar høyt». Tre omfar (stokkelag) er vurdert til å vere om lag på nivå med flaumen i 1979, men med stor feilmargin (Kristen Ormberg).

Føremålet med avtaksforretninga var å dokumentere skadar på det produktive arealet på garden som eventuelt kunne gje avtak i (nedsetjing av) skatt og landskyld (jordleige). Oppmålinga viste at det langs elva sør for tunet var att eit jorde på 1344 x 210 alen (omrekna 111 dekar) medan elva hadde teke bort 1344 x 84 alen (44 dekar) av jordet. Nord for tunet hadde elva teke med seg 336 x 63 alen (8 dekar) av «gaardens Enge-Mark». Elva hadde «overgaaet saavel aager som Eng» på garden slik at det ikkje vart nokon avling i 1741, og «adskillige stæder» var «Jordens Enge-Mark» dekt med sand.

Avtaksforretninga dokumenterte òg at halvparten av innmarka på garden Elvekrok var øydelagd av elva. Her vart ikkje flaumen året før nemnd, derimot vert skaden sett i samanheng med at den ustyrlege elva frå breen jamt valda skade. Nigardsbreen låg på dette tidspunktet berre nokre få hundre meter frå gardstunet. Under synfaringa var ikkje synsmennene i stand til å kome over elva, «som gaar i mange greene».

Det er ikkje opplysningar om flaumskadar på andre gardar. Så tidleg som i 1741 låg det heller ikkje gardar på dei store elveslettene slik det gjorde i 1898. Dei aller fleste gardstun, åkrar og jorde låg såleis flaumsikkert over dalbotnen.

Det er likevel sannsynleg at Nedre Myklemyr vart påført stor skade under 1741-flaumen. Krangel om eit kårbrev på Nedre Myklemyr som kom fram under ei rettssak i 1744, tyder på det. Ole Asbjørnson Myklemyr hadde nekta å underskrive kårbrevet til foreldra fordi Nedre Myklemyr var «undergiven stor skade for Elvebrud, hvilchen at forrebygge hand hafde givet stor omkostning paa og derfor i den tid opholt til hand saae om gaarden kunde forrekomme undergang». Det er sannsynleg at det er skaden frå 1741-flaumen det her er snakk om. Ein kan då spørje seg kvifor det ikkje vart halde avtaksforretning også på Nedre Myklemyr i 1742, og svaret har truleg med eigedomstilhøva å gjere. Det var jordeigar Christopher Munthe som hadde bede om avtaksforretningane for dei gardane han åtte (Ormberg, Åsen, Bergset, Elvekrok og det meste av Mjølver). Nedre Myklemyr var derimot ein av få gardar i Jostedalen som Munthe ikkje åtte.

Kjelder

 

| |

Skriv ein kommentar