Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstFlaumarFlaumen i 1979

Flaumen i 1979

Den største kjende flaumen i Jostedalen var 15. august 1979. I Fossøyane stod vatnet 1,35 m over flaummerket frå 1898 som var hogge inn i fjellet. Årsaka til flaumen var mykje regn kombinert med varmt ver som førte til stor smelting frå brear og mykje attverande snø i fjellet. Elva steig mykje utover dagen 14. august, og flaumen kulminerte litt etter midnatt 15. august.

Banken etter at Sagarøyelvi skifta løpEtter moderne utrekningar var det ein 200-årsflaum, og øydeleggingane var store både langs hovudelva og langs fleire sideelvar. Av sideelvane gjorde Sagarøyelvi størst skade. Ho fann eit nytt løp gjennom bankbygget (gamle kommunehuset). Hovudelva gjorde størst skade på elveflatene i Myklemyr og Fossøyane fordi vatnet stuva seg opp i Fossøygjølet og Haukåsgjølet. Her rann elva inn i andre høgda i somme hus. Kring 100 bustadhus og 30-40 driftsbygningar fekk skadar. Seks store bruer og ei rekkje mindre vart øydelagde, og riksvegen til Jostedalen fekk store skadar med den fylgja at dalen var isolert i to veker. Varelagera til to butikkar vart øydelagde, og 150 mål dyrka mark vart skadd. Dei samla skadane utgjorde 32 mill kr (tilsv. 116 mill kr i 2012).

VG 16. august 1979Ingen menneskeliv gjekk tapt, og ingen vart heller skadde, men situasjonen vart oppfatta som særs dramatisk av mange som stod midt oppi det. Dei som budde utsett til, vart evaukerte frå heimane sine. Mange turistar vart stengde inne i dalen, og bilane deira vart frakta ut med helikopter. Jostedalen vart erklært som katastrofeområde, og Forsvaret vart sett inn i oppryddinga. Flaumen prega det nasjonale nyhendebiletet, og Kong Olav vitja Jostedalen etter flaumen.

Leirdøla kraftverk var ferdig året før, og Tunsbergdalsmagasinet hadde kapasitet til å ta imot vatnet frå Leirdølavassdraget. Dette hindra truleg store øydeleggingar i Gaupne.

Etter flaumen kom det i gang eit omfattande arbeid med førebygging. Flaumen vart eit viktig argument for den planlagde kraftutbygginga, og magasinet på Styggevatnet med dei 22 bekkeinntaka i sideelvane på heile på austsida av dalen har redusert faren for storflaum i hovudelva kraftig. Det vart òg bygt høgare flaumverk langs Jostedøla både i Fossøyane, Elvøy, Myklemyr og Alsmo. Fossagjølet og Haukåsgjølet vart dessutan senka og utvida.

Les meir

 

| |

Skriv ein kommentar