Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstFlaumarFlaumen i 1898

Flaumen i 1898

Flaumen i Jostedalen 15. august 1898 var den største i manns minne og nådde kring 1 meter over den høgste vasstanden som var kjend frå tidlegare. Flaumen var valda av mykje nedbør kombinert med varmt ver som førte til stor snø- og bresmelting.  Det låg att mykje snø i fjellet. Både datoen og flaumårsaka var såleis den same som for flaumen i 1979 som gjekk 1,35 meter over flaummerket frå 1898 i Fossøyane.

Skade på gardar og vegar

En Grufuld NatVatnet vert rapportert å ha gått 2 alen (ca 1,3 m) over golvet i somme hus. Hardast råka var gardane på Myklemyr og i Fossøyane. Her var vasstanden på sitt høgste kl 3 natt til måndag 15. august. Under flaumen flykta kring 60 menneske på Myklemyr og 40 i Fossøyane frå husa sine. Dei fyrste rykta som nådde ut i Sogn, gjekk ut på at 200 menneske hadde drukna. Ingen menneskeliv og visstnok heller ingen husdyr gjekk tapt, men dei materielle øydeleggingane var svært store, og mange miste levebrødet sitt. Fire bruer, av dei to temmeleg nye, vart tekne av flaumen, og eit parti av den nye vegen i Haukåsgjølet rasa ut. Elva øydela mykje dyrkamark og avlingar og la att evje (partiklar frå breane) på jorda. 20 familiar med 120 menneske miste så godt som heile avlinga, og sju familiar med kring 60 menneske var meir eller mindre skadelidne. Skadane på avlingane vart rett etter flaumen stipulerte til kr 7400, og gardbrukarane rekna med at skadane på jorda kom opp i eit like høgt beløp.

Hjelpearbeidet

Jostedal kommune var fattig og lite i stand til å hjelpe dei skadelidne, og sjølv om dei materielle skadane var større i 1979, var verknadene av 1898-flaumen meir dramatisk for bygda. Aftenpostens korrespondent sa det slik i stykket sitt om flaumen 27. august:

Om man end maa være taknemlig over, at intet Liv er gaaet tilspilde, kan man ikke noksom beklage, at Ulykken netop har rammet Jostedalen, der er et af vore fattigste og magreste Distrikter.

På vegne av bygdefolket tok sokneprest Theodor Børresen initiativet til ein innsamlingsaksjon i hovudstadspressa. Kommunestyret valde 1. oktober ein komite for å fordele dei innsamla gåvene, og der sat sokneprest Børresen, lensmann Hermund Tvedt, sparebankkasserar Nils H. Bruheim og to gardbrukarar frå dei hardast råka grendene: Ole J. Skjæret og John O. Fosøen.

Storflaumen sette fart i bygginga av dei fyrste flaumverka i Jostedalen.

Les meir

| |

Skriv ein kommentar