Main menu:

Undersider for Skred, flaumar og brevekst:

Du er her: Skred, flaumar og brevekstFlaumarBygging av flaumverk etter 1898

Bygging av flaumverk etter 1898

Flaumane i jostedalsvassdraget var eit velkjent og mest årleg fenomen og noko jostedølene måtte leve med. Sist på 1800-talet byrja likevel arbeidet med å temje elva. Ein grunn var at den store folketalsauken gjorde det naudsynt å ta i bruk elveslettene både til busetnad og jordbruksføremål. Mekaniseringa av jordbruket (som hesteslåmaskin) gjorde det òg meir attraktivt å bruke flate område. Gjennom 1800-talet byrja dessutan det offentlege å støtte bygging av flaumverk, og det gjorde dette til eit aktuelt spørsmål også i Jostedalen.

Initiativet i 1895

I 1895 slo Stortinget fast ei ny ordning som sa staten dekte 3/4 av kostnadene med flaumverk. Det statlege organet som stod føre planlegginga, var Kanalvesenet (forlauparen til NVE). Den siste fjerdedelen av finansieringa (distriktsbidraget) måtte skaffast lokalt.

Det fyrste initiativet til å få bygt flaumverk i Jostedøla var truleg ein søknad til amtet (fylket) frå ein del oppsitjarar i Sperla og på Myklemyr 16. april 1895, og det hadde rimelegvis samanheng med den nye statlege støtteordninga. Søknaden vart handsama på møtet i kommunestyret i Jostedalen 6. mai, og det samrøystes vedtaket lydde slik:

Dette Andragende er i høi Grad berettiget og man maa paa bedste anbefale at der af Amtet ydes Bidrag til omhandlede Forbygninger, da vedkommende Eiendomme er stærkt truet at blive ødelagt baade af Oversvømmelse og at blive udgravet i Bredderne ved Elven, ligesom bygdeveien ved saadanne Oversvømmelser stadig ramponeres og ofte hos baade denne og Amts-Kommunens forvoldt store Udgifter, ligesom den ogsaa specielt paa et Par Stede Trues med at blive udgravet.

Kanalvesenet utarbeidde same året ein plan for flaumverket, og kommunestyret vedtok 17. juni å garantere for distriktsbidraget.

Nytt initiativ 1898

Korkje kommunen eller amtet kan likevel ha løyvt dei pengane som skulle til for å utløyse statsløyvinga og kome i gang, så det skjedde ikkje noko før flaumen 15. august 1898 brått gjorde saka aktuell att. Alt på det fyrste møtet etter flaumen (møte 30. august) fekk kommunen den fyrste søknaden om støtte til flaumverk frå oppsitjarane på Myklemyr og Ormbergstølen, og no kom raskt ein prosess i gang. Kanalvesenet reviderte og utvida planen frå 1895 og oversende 13. januar 1899 den nye planen til Arbeidsdepartementet. Ut frå denne planen søkte dei flaumråka oppsitjarane i nedre del av Jostedalen (frå Myklemyr til Sperla) om at kommunen dekte ein del av kostnaden. Kommunestyret løyvde midlane på møtet 16. mars 1899, og saka gjekk deretter til amtet der amtstinget løyvde sin del.

Kostnadsoverslaget til Kanalvesenet var på kr 42.000. Statsløyvinga på 3/4 ville dekkje kr 31.500, og det vart eit spørsmål korleis distriktsbidraget på kr 10.500 skulle dekkjast. Amtstinget vedtok i 1899 den regelen at amtet ville stille med dobbelt så høgt tilskot som kommunen, men med det viktige atterhaldet at amts- og kommunetilskota til saman ikkje skulle overstige tilskotet frå oppsitjarane. På grunn av dei dårlege økonomiske tilhøva i Jostedalen gjorde amtet likevel eit unntak, så oppsitjarane slapp unna med kr 3264, som var ca 2000 kr mindre enn dei eigenleg skulle betalt, medan kommunen og amtet dekte kr 3618 kvar. Dette kom på plass i amts- og statsbudsjetta for 1899-1900, og dermed kom arbeidet med førebyggingane i gang. Strekningane det galdt var Haukåsgjølet-Myklemyr (kr 20.800), Fossagjølet-Sperløyane (kr. 11.200) og ymse andre stader (kr 10.000).

Seinare utvidingar

I 1902 låg det føre ei utviding av planane som var kostandsrekna til kr 50.000. Det galdt strekningane Haukåsgjølet-Sperla (kr 13.000), kyrkja-Haugen (kr 24.000), Fåberg (kr 7000) og sideelvar (kr 6000). Dette skulle løyvast over fem år, men no gjekk det tregare å få amtet med på finansieringa. Arbeidet kom likevel i gang, og møtebøkene fortel at kommunen var mykje engasjert i ei steg-for-steg-utbygging av flaumverka dei neste tiåra. Vedlikehaldet av flaumverka kravde dessutan sitt.

Kjelder

  • Seip, Hans. (1958). Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Leikanger: Sogn og Fjordane fylkeskommune, s. 605-608. [Digital utgåve]
  • Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger for Aaret 1899, s. 417-423.
  • Jostedal kommune, møtebøker for kommunestyret og formannskapet (Digitaliserte protokollar, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

 

| |

Skriv ein kommentar