Main menu:

Undersider for Kraftutbygging:

Du er her: KraftutbyggingJostedalsutbygginga (1984-89)

Jostedalsutbygginga (1984-89)

Statskraftverka trekte i 1980 attende det som var att av den store utbyggingsplanen for Breheimen frå 1973. Samstundes la Statskraftverka fram ein ny plan for ei separat utbygging av Jostedalsvassdraget. Vatnet skulle ikkje lenger overførast til Loen, men gå til ein kraftstasjon i Gaupne eller på Myklemyr. Striden som mange framleis hugsar, stod mellom ei stor utbygging som ville føre til neddemming av Fåbergstølsgrandane, og ei redusert utbygging. Storflaumen i august 1979 spela ei viktig rolle i diskusjonane.

Regjeringa innstilte på den reduserte utbygginga hausten 1983, og Stortinget vedtok dette alternativet sommaren 1984. Anleggsarbeidet kom raskt i gang, og Jostedal kraftverk på Ormbergstølen kom i drift i 1989.

Dokument

Les meir

| |

Skriv ein kommentar