Main menu:

Undersider for Om laget:

Du er her: Om laget

Om laget

Jostedal historielag vart skipa i 1949 av utflytte jostedøler i Oslo. Fyrste formann var Lars Stølen. Laget arbeider særleg for å ta vare på viktige kulturminne i dalen og å få til aktivitetar med utgangspunkt i kulturminne og historie. Dei siste åra har laget arbeidd for å setja i stand og ta vare på husa på Berget i Fåberg. Tidlegare har laget overteke og flytt det gamle skulehuset i Krundalen til Prestegarden og sett det i stand. Laget har òg sett i stand det gamle kvernhuset på Nigardsbregrandane.

Laget gjev ut Luster. Lokahistorisk årbok saman sogelaga i Hafslo og Luster, og Luster kulturkontor. Det har så langt kome fem hefte av årboka frå 1994 til 2002.

Jostedal historielag er med i Landslaget for lokalhistorie.

# Styre for laget
# Arbeidsplanar
# Årsmeldingar
# Aktivitetar (meldingar)
# Jostedal historielag på lokalhistoriewiki

| |

Skriv ein kommentar