Main menu:

Undersider for Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750):

Du er her: Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)

Jostedalsskildringa av Matthias Foss (1750)

Fyrste side i originalmanuskriptet (1750)1700-talspresten Matthias Foss er ein av dei mest kjende personane med tilknyting til Jostedalen. Det tragiske livet hans som prest i Jostedalen gjennom 50 år er gripande nok, men det er Justedalens kortelige Beskrivelse (skrive 1750, prenta 1802) som gjer at han vert hugsa.

Jostedalsskildringa til Foss er ei av dei viktigaste kjeldene til jostedalssoga før 1800, og ho er eit sentralt verk i den norske historisk-topografiske litteraturen.

Dei 50 embetsåra til Foss i Jostedalen fall saman med klimakset til «den vesle istida» og framrykkinga til breane, innføringa av det offentlege skulevesenet, innføringa av det offentlege fattigvesenet (1755) og ein byrjande vekst i folketal og husmannsplassar. Særleg dei fyrste embetsåra kom han til å stå i sentrum for ei rekkje strider med allmugen i Jostedalen.

I høgremenyen finn ein jostedalsskildringa i fulltekst (både skanna og i avskrift). Her ligg òg avskrift og omtaler av ei rekkje dokument av eller om Foss. Ei rekkje eldre biografiske omtaler av Foss og ein ny artikkel om Foss og skildringa er òg lagt ut.

I Jesu nafn tiltrædte ieg Matthias Foss lørdagen 7 Apriil 1742 Jystedahlens kald og holt Guds tieneste første gang Dagen derefter 2 Søndag efter Paaske [=8. april] og faldt ingen Særdeles particulaire forretninger, uden ungdommens overhørelse.

(Fyrste innførsel av Matthias Foss i kyrkjeboka for Jostedalen.)

Kjelder om Foss andre stader:

Kyrkjebok A1 for Jostedalen (1733-1751) – fullstendig avskrift

| |

Skriv ein kommentar