Dei minste gardane i Sogn (ca 1650)

Jostedalen har ikkje berre vore prestegjeldet/kommunen i Sogn med færrast folk og gardar, men òg prestegjeldet med dei minste gardane. Figurane ovanfor er laga på grunnlag av ein tabell oppsett av Andreas Holmsen i 1937 og viser storleiken på gardane kring 1650 målt etter skyldtala i matrikkelen (omrekna til laupar smør). Her ser me tre ting:
- Borgund hadde ein (matrikkel)gard mindre, men større gardar, så samla var verdien av gardane i Jostedalen lågare enn i noka anna bygd.
- Jostedalen hadde saman med Oppheim sokn (no under Voss) dei minste gardane med eit skyldtal på 0,96 laupar smør i snitt per gard. Snittet for Sogndal, Luster og Lærdal var over dobbbelt så høgt, og snittet for heile Indre Sogn var mest dobbelt så høgt (1,8).
- Ingen gardar i Jostedalen hadde ei skyld over 2 laupar smør. I Sogndal, Lærdal, Luster og Hafslo hadde derimot kring halvparten av gardane ei skyld på meir enn 2 laupar.
Den største garden i Jostedalen etter 1647-matrikkelen var Kjeppe (Kreken) med ei skyld på 1,75 laupar. Det vil seie at meir enn halvparten av gardane i Luster var større enn den største garden i Jostedalen, og den største garden i Jostedalen var mindre enn snittet for heile Indre Sogn.
| |
Kjeldereferanse
[løyn referanse]
APA:
Hoel, Oddmund L.. (2012). Dei minste gardane i Sogn (ca 1650). Henta 18.03.2025, frå Jostedal historielag: https://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=2255
Chicago:
Hoel, Oddmund L.. 2012. Dei minste gardane i Sogn (ca 1650). Jostedal historielag. https://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=2255 (vitja 18.03.2025).
Harvard:
Hoel, O 2012, Dei minste gardane i Sogn (ca 1650), Jostedal historielag. Henta 18.03.2025, frå <https://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=2255>
MLA:
Hoel, Oddmund L.. "Dei minste gardane i Sogn (ca 1650)." 23.03.2012. Jostedal historielag. Vitja 18.03.2025. <https://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=2255>
Publisert av Oddmund, 23.03.2012 (sist endra 23.03.2012)
Skriv ein kommentar