Avskrift
Fortegnelse over Tienden som svares til Justedals Kirke ifølge ingdaaet Forening med Kirkeeier Johannes Asbjørnsen og Almuen 12 Mai 1802.
Øien |
1 Mæle Korn |
|
Øvre-Myklemyhr |
1 — |
|
Nedre-Myklemyhr |
1 — |
|
Ormberg |
1 — |
|
Fossen |
1 ½ — |
|
Sperle |
1 — |
|
Aasen |
2 — |
|
Breum |
1 — |
|
Nedrelie |
2 — |
|
Bakken |
2 — |
|
Bjerk |
1 ½ — |
|
Vandberg |
1 — |
|
Yttrie |
½ — |
|
Kjærvig |
1 ½ — |
|
Kreken |
2 — |
|
Espe |
2 — |
|
Krogen i Penge |
|
12 Sk |
Øvre-Faaberg |
2 — |
|
Nedre-Faaberg |
2 — |
|
Lien |
2 — |
|
Mjølvæhr |
2 — |
|
Bjerkehoug i Penge |
|
9 Sk |
Hougen |
2 — |
|
Kronen |
2 — |
|
Hellegaard |
2 — |
|
Snethun |
2 — |
|
Grov |
2 — |
|
Bergsæt |
1 — |
|
Tilsammen |
4 Tønder 1 Mæle og |
21 Skilling |
——————
Derefter blev ventileret med Almuen og Johannes Huus, som Kirkeeier, om Accord for Kirkens Korntiende kunde naaes, hvorom blev da slutted saadan Forening: Det skal staae i Almuens frie Valg, for hver især, og for den ganske Almue i Almindelighed selv at nogle, enten de ville betale Kirketienden in natura med Korn, eller de ville Løse inn af Kirkeeieren mod 32 Sk Mælen, som gjør 3 Rd: 2 Sk Tønden; hvilket Yderen anbyder Kirkeeieren enten 2 Sk Mælen, eller Korn in natura, skal Eieren være pligtig at modtage, og Valget ere aarlig at staae til hver Almuesmand især, men ikke til Kirkeeieren, og i dette som da anbyder, enten Penge eller Korn, skal da Smaaetienden være indbefattet, som aldrig er lagt til Kirken anderledes.
Vedtogets Overeensstemmelse med Indre-Sogns Justits Protocol bekræfter
Irgens
Approberes i Overeensstemelse med Forordningen af 31 Juli 1801 § 7 lit:l.
Det Kongelige Danske Kancellie den 4de Mai 1805.
Kaas, Cold, Knudsen, Bülow, Monrad, Berner og Lassen
(L. S.)
Kjelde
Denne avskrifta er gjort etter kallsboka, blad 17B-18A, der ei avskrift av dokumentet vart innteke kring 1830. Dokumentet står òg i rekneskapsprotokollen 1833-1889, og vart truleg innført då protokollen vart påbyrja seinast 1833.
Merknad
Same dag (12.5.1802) vart det halden ei tiendforretning mellom allmugen og sokneprest Johan Henrik Lind om den delen av tienda som skulle gå til prestekallet. Dokumentet om prestetidenda står i kallsboka (side 94A, sjå pdf-avskrift). Lind vert der (s. 32B) kritisert av den seinare presten Bernt Anker Leigh for «den for Kaldets Indkomster skadelige Forening med Almuen, at Smørtienden herefter skulde betales med penger til 5 2/3 s: pr Mrk.» Det kan tyde på at allmugen kom etter måten godt frå den lokale tiendereforma.
I lista over kyrkjetienda ovanfor kan me elles sjå at Kroken og Bjørkehaugen betalte i pengar, truleg fordi dei hadde meir reie pengar enn avling å avsjå. Gardbrukarane fekk elles høve til å kjøpe seg fri frå tienda ved å betale ein eingongssum i korn eller pengar.
Bakgrunnen for tiendforretningane var den kongelege forordninga 31. juli 1801 om det norske tiendvesenet. Tienda varierte mykje, og og forordninga påbaud at kommisjonar i kvart prestegjeld skulle gå gjennom tienda.
Dokumenta frå dei lokale tiendkommisjonane skulle sendast til sentralmakta. Som ein kan sjå, er dokumentet stadfesta av Lars Johannes Irgens, sorenskrivar i Indre Sogn. Tiendforretninga er godkjend av Danske Kancelli i København, som var det einaste regjeringskontoret i Danmark-Noreg.
Sjå òg:
Kongetienda 1615-18
Kongetienda 1620, 1626 og 1627
Publisert av Oddmund, 30.12.2009 (sist endra 15.08.2011)
Skriv ein kommentar