Main menu:

Undersider for 1814, 1905, val og folkerøystingar:

Du er her: 1814, 1905, val og folkerøystingarStortingsvalManntalsprotokoll 1829-1897

Manntalsprotokoll 1829-1897

pdfMandtal over de, i Overeensstemmelse med Grundloven, stemmeberettigede Indvaanere i Justedals Præstegjeld (5 Mb)

Kjelde
Statsarkivet i Bergen, Jostedal sokneprestembete,  Manntalsprotokoll for Jostedalen 1814-1897

Om manntalsprotokollen
Paragraf 51 i 1814-grunnlova slo fast at presten og futen skulle føre manntal over dei røysteføre. Den 24. juni 1828 vedtok Stortinget ei lov om manntalsføringa, og det vart no fastsett eit skjema for for protokollen. I Jostedalen vart det sokneprest Bernt Anker Leigh si oppgåve å ta til med den innskjerpa protokollføringa.

Leigh førte fyrst inn dei som alt hadde hadde fått røysterett, og opplysningane hadde han truleg frå futen, som også førte manntal. Dei som hadde fått røysterettt før 1825, er innførte i tilsynelatande tilfeldig rekkjefølgje. Her tok Leigh sjølvsagt berre med dei som framleis levde og framleis hadde røysterett. Han har ikkje ført inn dei som hadde fått røysterett sidan 1814, men som var døde eller hadde mist røysteretten (t.d. kårmenn eller andre som hadde selt garden) på det tidspunktet han tok til med protokollen.

Heile fem av dei som fekk røysterett 1814-23 er dessutan førte opp med feil år for avlagt eid, så her må ein gå til tingboka for nøyaktige opplysningar (sjå rettingar under Jostedøler med røysterett 1814-1823).

Frå og med 1825 kjem så innførslane i manntalet kronologisk, og frå no førte Leigh òg inn alder slik lova sa. Leigh overtok ikkje prestekallet før april 1829, så det er det tidlegaste tidspunktet han kunne ha byrja på protokollen. Truleg har han teke til i samband med sommartinget 1829 då han likevel møtte futen. Protokollen fortel at Leigh sjølv og to bønder avla eid 12.6.1829, som truleg er datoen for sommartinget. Ein god grunn til å få manntalet i stand, var at det skulle vere stortingsval hausten 1829. Valmannsvalet var truleg i prestegjelda i august/september.

Disposisjon
Protokollen har tre hovuddelar. Fyrste delen (s. 1a-2b) går til 1841, og her er innførslane kronologisk. På side 3a (til 8b) byrjar ei ny organisering av protokollen der gard for gard er oppført. Denne delen ser ut til å gå fram til kring 1888. Den tredje og siste delen (s. 9a-14b) har presten byrja på nytt, med å ta gard for gard etter matrikkelnummer.

Avslutta 1897
Ved ei lovendring i 1897 vart ansvaret for protokollføringa overført frå presten til lensmannen. Protkollen sluttar såleis i 1897, og lensmannen må ha byrja på ein heilt ny protokoll. Frå 1898 var det dessutan allmenn røysterett for menn.

Litteratur
Mykland, Liv, og Kjell-Olav Masdalen. (1987). Administrasjonshistorie og arkivkunnskap. Kommunene. Oslo: Universitetsforlaget, s. 40-49.

| |

Skriv ein kommentar