Main menu:

Undersider for 1814, 1905, val og folkerøystingar:

Du er her: 1814, 1905, val og folkerøystingarStortingsvalRekonstruert manntal 1814-1838 med kommentarar

Rekonstruert manntal 1814-1838 med kommentarar

 pdf Rekonstruert manntal for Jostedalen 1814-1838

Dette er ei komplett liste over jostedøler som skaffa seg røysterett mellom 1814 og 1838. Manntalet byggjer på opplysningar om avlagt grunnlovseid i tingbøkene 1814-1823 og manntalsprotokollen 1829-1897. Personane er identifiserte etter gards- og ættesoga til Lars Øyane (tilv. «LØ side») der tilleggsopplysningane om leveår, matrikulering av bruk og skøyte er henta frå. Det er totalt 59 personar på lista, av dei tre prestar, ein lensmann frå Luster og 55 gardbrukarar.

Kven kunne få røysterett?
Paragraf 50 i Grunnlova slo fast kven som kunne få røysterett ved stortingsval: Ein måtte ha fylt 25 år og oppfylle minst eitt av tre krav. Dei to som hadde verknad i Jostedalen, var at ein anten måtte vere eller ha vore embetsmann (altså presten), eller eige eller bygsle (i minst 5 år) matrikulert jord. Dei sjølveigande bøndene kunne altså få røysterett medan husmenn og tenestfolk fall utanfor. Det var så sjølvsagt at berre menn kunne få røysterett at det ikkje stod i lova. Dette ville òg seie at ein miste røysteretten om ein selde garden, slik mange gjorde mot kårytingar.

Røysterettsreglane vart noko utvida i 1880- og 90-åra, men stod i hovudsak ved lag til Stortinget vedtok allmenn røysterett for menn i 1898. Allmenn kvinnerøysterett vart innført i 1913.

Eid til Grunnlova og manntal
Det var eit viktig skilje mellom å vere røysterettskvalifisert og å vere røystefør, altså faktisk ha røysterett.

Paragraf 51 i Grunnlova sa at «Enhver skal, forinden han indføres i Mandtallet, offentligen til Thinge sværge Constitutionen Troskab.» Skulle ein bli innført i manntalet, måtte ein fyrst avleggje eid til Grunnlova, og det skulle skje på eitt av dei tre årlege tinga, som for Jostedalen sin del alltid vart halde i Dale.

Når ein vurderer kven av dei røysterettskvalifiserte som faktisk skaffa seg røysterett, må ein ta med i vurderinga korleis dette føregjekk. Truleg var det slik at alle kvalifiserte som møtte på tinget, meir eller mindre kollektivt vart tekne med på å sverje grunnlovseid. På hausttinget 25. oktober 1820 vart det til dømes spurt om det fanst nokon der som ikkje hadde «aflagt Eed til Constitutionen, og fremstod som ei have aflagt Eed: …». Slik vart det altså etablert ein situasjon som gjorde det til eit avvik å ikkje avleggje eiden.

Dessutan må me ta med i vurderinga at det var ei lang, strevsam og tidkrevjande ferd å kome seg til bygdetinget sidan det var i Dale. Dermed kan me nok tru at dei som ikkje svor eid, i all hovudsak var dei som av ein eller annan grunn ikkje brukte å møte på tinget. For ein del av dei eldre (t.d. ein framståande mann i bygda som klokkar Johannes Asbjørnson Hus, 63 år i 1814) var nok dette hovudgrunnen til at me ikkje finn dei att i manntalet.

Grunnlova slo vidare fast at futen og presten i kvart prestegjeld skulle føre eit manntal over dei som hadde røysterett. Frå 1897 vart ansvaret for manntalsføringa overført frå presten til lensmannen.

Det manntalet som eventuelt vart ført av presten i Jostedalen før 1829, er ikkje attfunne. Men primærkjelda er i alle høve tingbøkene der grunnlovseiden er protokollert. Sidan den bevarte manntalsprotokollen ikkje vart påbyrja før i 1829, er opplysningane om dei som fekk røysterett 1814-1829 noko mangelfulle (sjå meir under omtala av manntalsprotokollen).

Kor mange skaffa seg røysterett? 
Om ein held saman opplysningane frå tingbøkene 1814-23 og frå manntalsprotokollen 1824-38, kjem ein raskt fram til talet på kor mange som totalt skaffa seg røysterett ved å sverje eid på tinget for Jostedal skipreide:

Røysteføre_1814-38_tilgang

 

Dei to fyrste åra skaffa altså 17 jostedøler seg røysterett. Til ein viss grad kan tilgangen på røysteføre forklarast med stortingsvala. Dei tolv som fekk røysterett på tinget 10. september 1814, fekk alt 18. september høve til å nytte røysteretten i valet til det omframme Stortinget som skulle kome saman 7. oktober  (Rasmus Hansson Hellegård vart vald).

Dei fem som skaffa seg røysterett i 1815, måtte vente til valet hausten 1817 før det kom eit Stortingsval. Dei tre som skaffa seg røysterett i juni 1823, kunne røyste ved valet nokre månader seinare, men før det neste valet (sommar/haust 1826) kom det ikkje til fleire. Derimot kom det fem nye til hausten 1828 etter at stortinget var oppløyst. Dei tre som skaffa seg røysterett i 1829, fekk saman med dei fem i 1828 røyste ved valet hausten 1829. Så gjekk det tre år før det kjem til fleire, fem i mai 1832, og det var nok på grunn av Stortingsvalet på seinsommaren.

Mest påfallande er likevel at heile 16 jostedøler skaffa seg røysterett i mai 1838. Hovudforklaringa her er utan tvil innføringa av det lokale sjølvstyret og valet til det nye formannskapet og representantskapet (kommunestyret) i Jostedal kommune, meir enn stortingsvalet same sommaren.

Raske med å skaffe seg røysterett
Eit anna generelt drag er at dei bøndene som skaffa seg røysterett, var raske med å gjere det etter at dei vart kvalifiserte.

Om ein held utanfor dei 12 som fekk røysterett i 1814 og held seg til dei som fekk røysterett 1815-38, finn ein at det i gjennomsnitt gjekk 4,2 år frå dei var kvalifiserte til dei fekk røysterett.

Berre for fire bønder gjekk det meir enn 10 år (11, 15, 18 og 24). Ni brukte 5-9 år og sju brukte 3-4 år. Heile 36 av 56 (64 %), medrekna «1814-bøndene», brukte altså under tre år frå dei vart kvalifiserte til dei hadde avlagt eid. Her må ein dessutan ta med momentet ovanfor om at det ikkje var eit lite prosjekt å ta seg fram til tinget i Dale for å avleggje eiden.

Dokumentasjonen viser òg at det berre i nokre få tilfelle var alderen som avgrensa bøndene frå å bli røysterettskvalifiserte. Dei aller fleste fekk hand om eit gardsbruk som sjølveigarar og vart kvalifiserte etter at dei var fylt 25 år. Berre sju av 55 var sjølveigarar før fylte 25 år og måtte vente til dei var gamle nok.

Skilnader innan Jostedalen
Det geografiske mønsteret er òg interessant. Det var heilt tydeleg meir populært å skaffe seg røysterett i dei fremre enn i dei midtre og heimre delane av bygda. I Mjølverdalen krins var det gardbrukarar med røysterett på alle matrikulerte bruk så nær som eitt i 1820. På dei matrikulerte bruka i Krundalen skaffa alle bøndene seg røysterett alt i 1814-15 så nær som bonden på Haugen som kom etter 1829.

I Krekane med Bakken ordna dei seg med røysterett på fem av sju matrikulerte bruk alt i 1814-15. Vamberg-bonden kom etter i 1823, åtte år etter at han var kvalifisert. Den sjuande bonden skaffa seg aldri røysterett, og det var kyrkjesongaren Johannes Asbjørnson Hus på Bjørk. Men forklaringa var nok som nemnd alderen.

Så vert det færre. På dei sju matrikulerte bruka mellom Bakken og Myklemyr finn me ingen med røysterett før 1818 (bonden på Garen). Den som verkeleg glimrar med fråværet her, er Sjur Olson Breum på Bruheim. Han var røysterettskvalifisert fram til han skøytte garden over på sonen Guttrom i 1830 og ikkje eldre enn kring 53 år i 1814. Han var ein framståande mann i bygda, var forlikskommisær og ein av dei som (eigenhendig) skreiv under adressa til kongen i mars 1814. Sonen Guttorm skaffa seg derimot røysterett to år etter at han fekk skøyte på garden i 1830.

Me må heilt fram til 1838 for å finne gardbrukarar med røysterett i Fossen og Åsen. Ein av dei som då kom etter, var 61-åringen Ole Erikson Åsen. Han og Søren Olson Ormberg (62 i 1838) var dei to eldste jostedølene som fekk røysterett 1814-1838.

På Myklemyr var det derimot bønder med røysterett alt i 1814 på to av dei tre matrikulerte bruka. På det tredje (Øy) var det ingen røysterettskvalifiserte før Otto Henrikson fylte 25 år i 1838, men då skaffa han seg òg røysterett med det same.

Kor mange røysterettskvalifiserte?
Langt meir omstendeleg er det å rekne ut talet på røysterettskvalifiserte. Det finst ingen tilgjengeleg offisiell statistikk med tal på røysterettskvalifiserte i Jostedalen før 1859, så her må ein lage seg personlister på dei aktuelle tidspunkta.

Eit teljetidspunkt kan vere årsskiftet 1814/15, som var på den tida det var valmannsval til det fyrste ordinære Stortinget. Ei oppteljing i gards- og ættesoga gjev det resultatet at det då var 26 røystrettskvalifiserte menn i Jostedalen. Tolv av dei skaffa seg altså røysterett på haustinget 1814.

Før sommartinget i juni 1815 vart to til kvalifiserte utan at nokon miste kvalifikasjonen, så då var det 28 kvalifiserte.

Av desse 28 hadde altså 17 røysterett frå juni 1815. Det stod såleis att 11 kvalifiserte (sjølveigande bønder) som ikkje ordna seg med røysterett i 1814/15, men fem av dei gjorde det seinare (1818-38).

Jostedalen hadde i 1814 kring 32 matrikulerte bruk som teoretisk kunne kvalifisere for røysterett. Dette var i all hovudsak dei gamle bruka frå 15-/1600-talet, og det hadde berre kome til kring tre matrikulerte bruk frå 1700 til 1814. Frå 1825 tok matrikuleringa av utskilde bruk til, og etter ein jamn vekst var talet på matrikulerte bruk i Jostedalen dobla kring 1890.

Kor «udemokratisk» var røysterettsreglane?
Jamført med i dag der alle menn og kvinner over 18 år har røysterett, er det fort gjort å konstatere at særs få hadde røysterett i 1814. Meir relevant er det likevel å samanlikna med ordninga frå 1898 som gav allmenn røysterett til menn over 25 år. Kor mange fall utanfor i Jostedalen i 1814 etter 1898-målestokken?

Det beste me har å halde oss til, er folketeljinga frå 1801, for her er det mogleg å telje kor mange som var over 25 år – det kan ein ikkje i folketeljingane frå 1815 og 1825.

I 1801 var det 444 innbyggjarar i Jostedalen, av dei 225 menn, og 96 av mennene hadde fylt 25 år. Av desse 96 var det 29 sjølveigarar og ein prest, altså 30 røysterettskvalifiserte. (I 1814 var talet som nemnt falle til 26, dels fordi fleire sjølveigarar var under 25 år, og dels fordi gardbrukarar endå ikkje hadde fått skøyte etter eigarskifte.) I 1801 ville altså 30 av 96 menn (31 %) ha vore røysterettskvalifiserte.

Folketalet auka utover 1800-talet, og auken kom særleg i dei gruppene (husmenn, innerstar, dagleigarar, tenestfolk) som ikkje var røysterettskvalifiserte. Røysterettsreglane vart dermed gradvis meir udemokratiske. Me kan tippe at dei 26 røysterettskvalifiserte i 1814/15 utgjorde 25-28 % av alle menn over 25 år.

| |

Skriv ein kommentar